Sponheim: – Bruk jordskifteordninga!

Fylkesmann Lars Sponheim oppmodar kommunane til å bruka jordskifte-ordninga i større grad enn tilfellet er i dag. Han gav uttrykk for dette då han hadde innlegg på Tinget i Vest på Askøy i dag (07.02).

Fylkesmann Lars Sponheim

Tinget i Vest er ein politisk verkstad og møteplass og samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tinget skal ta opp utviklingstema for regionen til drøfting.

– Regionen har eit akutt behov for overordna planlegging av bruken av areala. Jordskifte-ordninga er eit godt verktøy å nytta når arealbruken skal regulerast. Kommunane kan be om at denne ordninga vert brukt i eit område, sa Lars Sponheim. Etter oppmoding frå salen lova han å ta initiativ til å gjera jordskiftesystemet kjent for kommunane.

Opprettar eiga avdeling for plan- og arealbruk

Fylkesmannen opplyste at saker knytt til arealbruk vert flytta frå miljøvernavdelinga til ei eiga plan- og arealbruksavdeling. Ifølgje Sponheim vil dette sikra ei større tverrfagleg handsaming av arealsaker. Sponheim understreka at kommunane må laga gode planar og på den måten å redusera talet på dispensasjonar til eit minimum.

– Arealbruken skal skje gjennom planar, ikkje dispensasjonar. Det er ei misoppfatning at vi her vest har like strenge reglar for strandsona som langs Oslofjorden. Vi er litt rausare her vest, sa Lars Sponheim.

Debatt om regionrådet og Tinget i Vest

Under den generelle debatten om Tinget i Vest og regionrådet si rolle, var det mange medlemer i tinget som tok ordet. Det var stor semje om at det er behov for både Tinget i Vest og regionrådet.  Fleire tok til orde for at arbeidet i Regionrådet Vest må ha god politisk forankring, ikkje minst til kommunestyra i kommunane. Det vart også understreka at regionrådet må sjå til at det vert gjeve god informasjon til politikarane i kommunane.

Leiar styret for Regionrådet Vest, Olav Martin Vik, sa at politisk forankring skal ha høg fokus framover og at det vert sett av tid til å drøfta det på neste Tinget i Vest.

Orienteringar

På møtet i dag gav rådmann i Askøy, Odd Magne Utkilen, ein gjennomgang av prosjektarbeidet regionrådet arbeider med. Stabsleiar for kultur i Øygarden kommune, Bernt Hjørnevik informerte om regoinsamarbeid om kultur, IKKUS , medan dagleg leiar i Gode Sirklar, Sigmund Kvernes, hadde ein gjennomgang av korleis strategisk næringsplan for bergensområdet i regi av BRB (Business Region Bergen) kan følgjast opp. Vertskapet ved Askøy-ordførar, Knut Hanselmann, gav ved starten av møtet ein kort presentasjon av Askøy kommune.

Kringkasting og opptak på Radio Sotra

Radio Sotra har gjort opptak av heile møtet i Tinget i Vest. Du kan lytta til opptaket på heimesida til Radio Sotra (klikk på «kommunestyremøte«. I tillegg vert møtet sendt på Radio Sotra tysdag 08.02. frå klokka 11.00 (104,5 – 105,5 – 100,9 MHz).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 07.02.2011