Solid fagleg påfyll på konferanse på Sandsli

 

160 deltakarar var samla på Sandsli måndag og tysdag denne veka på konferansen «Betre saman for barna». I regi av Regionrådet Vest var politikarar, tilsette frå dei ulike kommunale tenestene i dei fire samarbeidskommunane i region vest og ulike statlege organ samla for å arbeida med spørsmålet om korleis vi saman kan løysa framtida sine utfordringar for barn og unge.

Professor Frank Aarebrot snakka om vern av barn og unge i eit samfunnsperspektiv

Ved opninga av konferansen stilte styreleiar i Regionrådet Vest, Sund-ordførar Ove Trellevik, fleire spørsmål om tenestene retta mot barn og unge. 

– Det er ei utfordring å styrka barnevernet. Ofte er vi for seint på banen, og ofte vert ikkje forhold varsla. Det er også uheldig at Bufetat og kommunane ikkje alltid er samde om kva som er det beste tilbodet for barnet, sa Trellevik som meinte at større skular aukar kompetansen og skapar eit betre grunnlag for å gje eit godt tilbod til barna på dette området. 

 Inngrepstersklar 

Advokat Stig Åkenes Johnsen, som har vore medlem i utvalet for NOU-rapporten «Det biologiske prinsipp» snakka om ingrepstersklar i barnevernet og forholdet mellom barnevernslov og barnelov.  I dag byggjer barnevernlova på tre viktige prinsipp; prinsippet om det beste for barnet, det mildaste prinsipp for inngrep og det biologiske prinsipp. 

I framlegget frå utvalet er det føreslått eit fjerde prinsipp; ein utviklingsstøttande tilknytingsprinsipp. Dette skal vektast meir enn det biologiske prinsipp i saker det tilknytings- og relasjonskvaliteten er til hinder for uvikling hjå barnet. 

– Eg håpar at dette vert gjeldande for barnevernet framover. Det er viktig er at barnet får utviklingsstøttande tilknyting, sa Åkenes Johnsen. 

Han viste også til at barnevernstenesta ønskjer å vera nokså sikker på at sakene får medhald før dei går til fylkesnemnda. 

– Kanskje ein i større grad skulle senda over saker til fylkesnemnda i staden for at ho hamnar i ei skuff, sa Stig Åkenes Johnsen. På konferansen hadde han også foredrag om teieplikta og utfordringar for tverrfagleg samarbeid. 

 Utviklingspsykologiske perspektiv

Forskar Magne Mæhle, som er knytt til Regionalt kunnskapssenter for barn og unge og Høgskulen i Sogn og Fjordane, snakka om utviklingspsykologiske perspektiv på omsorg og oppvekstvilkår. Solid forskingsgrunnlag viser kor viktig dei tidlege relasjonane er for utviklinga hjå barnet. 

Magne Mæhle

– Tilknyting er viktig frå vogge til grav. Barnet brukar omsorgsgjevar som trygg base for leik og utforsking. Dette er ein forløpar for kognitiv utvikling, sa Mæhle.

 

Fylkesnemndsleiar Kirsti Strømstad gav innføring i arbeidet til nemnda. Ho understreka at nemnda er uavhengig av barnevernstenesta. Ho snakka om vitneplikt, meldeplikt og kva tid teieplikta vert oppheva. Ho viste til forslag til lovendringar som mellom anna innebér at fylkesnemnda kan gje pålegg om hjelpetiltak og seinka terskelen for å påleggja hjelpetiltak. 

 Samarbeid

Rådgjevar i KS, Anne Jensen , presenterte utdrag frå ei fersk undersøking som så langt ikkje er publisert. Resultatet viser at samarbeidet mellom barnevernet og andre kommunale tenester er i hovudsak bra. Særleg helsestasjonar/skulehelsetenesta, grunnskulen og sosialtenesta/NAV og barnehage meiner at samarbeidet fungerer bra.  Det går også fram at barnevernstenesta ønskjer meir samarbeid med barnehage og grunnskule. 

– Kommunane har ansvar for alle barna i barnevernet. Det statlege barnevernet har først og fremst eit «sørg-for-ansvar» som t.d. fosterheimar, differensierte institusjonstilbod, sa Anne Jensen. 

Astrid Toft i KS Hordaland sa til dei 160 deltakarane at dei gjer ein «råviktig jobb!» og at dei er nøkkelpersonar i barn og unge sitt liv. 

– Eit fellestrekk for dei som er i risikosona er at dei har ein tung ryggsekk, sa Toft. 

Kirsti Strømstad

Prosjektleiar Torgeir Sæter gav informasjon om status i prosjektet «Betre saman for barna».  Om relativt kort tid vil det koma forslag om felles kontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn og felles regional barnevernsvakt.

 

Professor Frank Aarebrot avslutta den første konferansedagen med friske spark i fleire retningar. Han viste mellom anna til to ytterpunkt når det gjeld barnevern. Det eine er stigmatiseringsaspektet. Det kan i seg sjølv vera utfordrande og stigmatiserande å verta kontakta av barnevernet. Det andre ytterpunktet her er eit «totalt normalisert barnevern». Her viste han til døme frå Amsterdam med ei oppsøkjande helseteneste med fleire besøk i heimane. 

Ifølgje Aarebrot er det lettare å «skjula seg» i store kommunar. I tillegg gjev det større fagleg utvikling og kompetanseheving for medarbeidarane. 

Professoren viste også til ein tredje dimensjon om intersubjektivitet der saksbehandlar spelar ingen rolle, men sjølve saksinnhaldet styrer konklusjonen. Det andre ytterpunktet her er reint skjøn som gjev ulike resultat. 

Dag to på konferansen handla mellom anna om handlingsprogram 2012-2013, innspel frå skule, barnehage, helse og barnevern. Det var også sett av god tid til arbeid i grupper. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 25.09.2012