Skuleleiaren sin rett og plikt

Nærare 100 skuleleiarar frå kommunane i region vest var samla i Fjell rådhus 16. februar der arbeidsrettsforskar Bjørn Eriksen frå Handelshøyskolen BI hadde føredrag med temaet skuleleiaren sitt handlingsrom. 

Føredragshaldar Bjørn Eriksen har doktorgrad i arbeidsrett.

 

Eriksen sine synspunkt er utdjupa på heimesida til Norsk Skolelederforbund. Han har forska på styringsrett og handlingsrom. Ifølgje forskaren er styringsretten meir omfattande enn mange trur. 

Dei viktigaste lovene for skuleleiaren er arbeidsmiljølova, forvaltningslova og opplæringslova. Skuleleiaren har plikt til å utøva styring og stundom ta upopulære grep. Eriksen sa at skuleleiarane skal forvalta fellesskapet sine ressursar på best mogleg måte for å nå målet om den best moglege opplæringa for elevane. Det handlar om å finna dei beste lærarane og å leggja til rette for at dei utviklar seg på best mogleg måte. 

– Fagleg bakgrunn er ikkje nok. Ein lærar må også meistra klasserommet, ha kunnskap om leiing og kommunisera og samarbeida godt. Rektor skal sikra at den best kvalifiserte vert tilsett. I føredraget gjekk Eriksen også gjennom prosessen med omplassering, fortrinnsrett og oppseiing. Han understreka at korrekt sakshandsaming er avgjerande for å få eit godt resultat. 

Samarbeid om kompetanseheving

Det var undervisningssjef i Askøy kommune, Åge R. Rosnes, som tok initiativet til fellessamlinga for skuleleiarane i region vest. Skulesjefane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har sidan tidleg på 90-talet hatt samarbeid om kompetanseheving. Denne gongen var det Fjell kommune som var vertskap. Skulesjef i Fjell, Ellen M. Hansen, seier at dette var ei svært nyttig samling. 

– Bjørn Eriksen har svært god juridisk kunnskap. Samstundes er han flink til å gjera tydeleg dei overordna måla for skulen og kva konsekvensar dette får for skuleleiarane, seier Hansen. 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 17.02.2011