Skreiv under intensjonsavtale for Nye Øygarden kommune

Det var historisk sus over forsamlinga i VIP-rommet i Sotra Arena då felles forhandlingsutval (FFU) litt før klokka 12 i dag skreiv under intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune.

Dei tre ordførarane, Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund) skriv under intensjonsavtalen.

Dei tre ordførarane, Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund) skriv under intensjonsavtalen.

Etter at Roy Vorland på vakkert vis hadde framført Knut Øygards «Songen frå vest» og dei tre ordførarane frå Fjell, Sund og Øygarden (Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun) hadde presentert intensjonsavtalen, var det klart for underteikning av avtalen. Markeringa av underteikninga av avtalen vart kombinert med pressekonferanse.

– Det er eit historisk sus over denne dagen, sa Sund-ordførar Kari-Anne Landro som orienterte om prosessen der 13 politikarar frå dei tre kommunane over ein periode på ein måndag har forhandla i sju dagar for å koma fram til ein intensjonsavtale. Ho var godt nøgd med at alle viste store vilje til å finna løysingar.

Les meir på nettsida til Vår nye kommune.

publisert 09.03.2016