Ser fram til Tinget i Vest

Fylkesmann Lars Sponheim møter dei sentrale politikarane i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden tidleg i februar. Han er ein av gjestene på Tinget i Vest på Askøy  måndag sjuande februar.

Olav Martin Vik

– Eg ser med spenning fram til tinget. Me har invitert fylkesmann Lars Sponheim til møtet. Fylkesmannen forvaltar mange oppgåver på vegne av staten, og det er viktig for oss vita kva line Sponheim legg seg på ovanfor kommunane i vest, seier styreleiar i Regionrådet Vest, Olav Martin Vik.

Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest. Tinget skal ta opp utviklingstema for regionen til drøfting. Dette er ein politisk verkstad og møteplass, og det vert ikkje føreteke avrøysting eller avgjerder i dette organet. Tinget skal ha to møte i året. Møta går på omgang i dei fire kommunane.

– Eg vonar at formannskapa i kommunane våre finn møtet interessant. Tinget i Vest skal vera ein viktig møteplass der ein forankrar regionalt samarbeid, seier Olav Martin Vik.

Tinget i Vest vert halde på rådhuset i Askøy kommune

Lars Sponheim skal ha innlegg om samordning av offentlege tenester og ansvar. Rådmannen i Askøy, Odd Magne Utkilen, skal ha ein gjennomgang av dei prosjekta regionrådet arbeider med, medan dagleg leiar i Gode Sirklar, Sigmund Kvernes, skal ha innlegg om oppfølging av den strategiske næringsplanen for bergensregionen.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 27.01.2011