Satsar på hjelp frå fylket

– Vi vonar at Hordaland fylkeskommune hjelper oss å vidareføra kultursamarbeidet i regionen.

Galeasen Loyal

Det seier kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, etter at fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti saman med Ronny Skaar og Tone Stedal Haugland i kultur- og idrettsavdelinga i fylket på måndag (01.11) møtte kultursjefane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Kulturtoppane var samla på galeasen Loyal i Forlandsvågen.

Kultur- og ressursutvalet skal i neste veke ta stilling til ein søknad frå IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid) om såkalla KUP-midlar til regionale kulturføremål.

I september var kulturmedarbeidarane i dei fire kommunane samla på konferanse på Herdla på Askøy. På møtet på måndag vart konklusjonane frå «idédugnaden» på Herdla presentert.

Frå venstre fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti, Ronny Skaar (fylkeskommunen) og Gunnar Brynjulfsen (Askøy kommune). Tone Stedal Haugland (fylkeskommunen) sit med ryggen til.

– På måndag fekk vi gje fylkeskommunen utfyllande informasjon om IKKUS og våre visjonar for regionen. Vi fekk gje gode svar på utfordrande spørsmål frå fylkeskultursjefen, seier Lennart Fjell.

Prosjekt skal gje konkrete resultat
I første omgang er det søkt om midlar til eit eitt-årig prosjekt som skal gje svar på kva samarbeidsmodell dei samarbeidande kommunane skal bruka. I tillegg skal ein i løpet av det første året leggja på bordet ein meir omfattande søknad til eit tre-årig prosjekt som skal resultera i konkrete prosjekt og konkret samarbeid mellom kommunane.

– Vi skal styra unna «kulturboblene» og finna gode måtar å organisera det offentlege kulturarbeidet på. Dette vil igjen gje betre vilkår for friviljuge lag og organisasjonar. Vi skal bruka styrken til den einskilde kommune, byggja opp kompetansen og gje tilbod om hjelp til den tredje sektoren. Dette må vera i tråd med visjonane til fylkeskommunen, seier Fjell.

Eigarane av galeasen Loyal var til stades på møtet i Forlandsvågen og presenterte stoda for drifta av skuta. Det vart samtalt om korleis Loyal kan sikrast ei trygg driftsform i framtida.

Kultur- og ressursutvalet skal ta stilling til søknaden 17. november.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto  : Bernt Hjørnevik

publisert 03.11.2010