Samhandling i praksis

–  Det er gledeleg og ikkje minst fantastisk å sjå kva som har blitt til på så kort tid, sa administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Stener Kvinnsland, då grunnsteinen til nye Øyane DPS vart lagt ned måndag 22. november.

Grunnsteinen vart lagt ned av Eli Årdal Berland og Ranveig Frøiland

Styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, og ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland, tok saman ansvar for å leggje grunnsteinen på plass. Huset som ligg i helseområdet på Straume i Fjell kommune vil vere innflyttingsklart om vel eit halvt år.

– Vi er veldig stolt av det gode samarbeidet med Helse Bergen. Vi kjenner kvarandre godt, og stoler på kvarandre sin kompetanse, sa Berland.
Heilskapeleg behandling
– Pasientane vil få ei mykje betre og meir heilskapleg behandling når vi flyttar inn i det nye psykiatriske lokalsjukehuset neste sommar, fortel klinikkdirektør Raymond Follesø.

I dag har Øyane distriktspsykiatriske senter (DPS) små lokale og manglar eit fullverdig døgntilbod for psykisk sjuke pasientar over 18 år.

DPS-bygget er klart til bruk sommaren 2011

– Dagens DPS, som vart etablert i 2009, er for lite både til poliklinisk verksemd, dagbehandling og sengepost. I tillegg er nokre av funksjonane våre lokalisert ein annan stad. Vi har heller ikkje plass til å tilsetje tilstrekkeleg med spesialistar. Så det er svært viktig for oss å kome på plass i eit lokale der vi kan gje pasientane våre eit fullverdig tilbod, fortel Follesø.

Ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, helsa på vegne av nabokommunane og Regionrådet Vest.

Eit sjølvstendig DPS
Nye Øyane DPS skal gi psykiatrisk hjelp til menneske over 18 år som bur i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Tilbodet omfattar poliklinisk behandling, ambulant team og 20 sengeplassar for kort- og langtidsbehandling. Dette gjer Øyane DPS til eit sjølvstendig DPS.

Follesø fortel at Øyane DPS alt i desember skal opne ein ny allmennpsykiatrisk døgnseksjon som skal gi vaksne over 18 år eit nytt tilbod. Seksjonen opnar med fire plassar frå desember 2010, men frå 1. januar 2012 vil alle 12 døgnplassane vere i bruk.

– Døgnseksjonen blir lokalisert på Knappen inntil nye Øyane DPS er ferdig, fortel seksjonsleiar Kristin Westrum. 

I tillegg til Øyane DPS vil Fjell kommune ta i bruk om lag 250 kvadratmeter i andre etasje for å gje rom for Psykiatrisk team.

Unikt samarbeid
Øyane DPS har Fjell kommune som utbyggar, medan Helse Bergen har ein leigekontrakt på 30 år. Dette er berre eit av fleire samarbeidsprosjekt Helse Bergen har med kystkommunen.

– Gjennom mange år har Helse Bergen og Fjell kommune hatt eit godt samarbeid om psykiatrisk hjelp til menneske over 18 år som bur i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Med dette senteret vil ein få eit endå betre tilbod for heile regionen, seier helsesjef i Fjell kommune Terje Handal. 

Dialysesatelitt

Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, ved opninga av dialysesatellitten

Tidlegare på dagen vart det også markert at den nye dialysesatellitten ved Straume er offisielt opna.  Satellitten er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune. Ei dialyseeining på Straume betyr kortare reisetid til behandling for dialysepasientar i Fjell og nabokommunane. Dialysesatellittar er vanlege her i landet, men berre der det er lang veg å reise til sjukehuset. Dette er den første nære satellitten i Noreg. Styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland sto for den offisielle opninga.

– Det har vore utvist stort engasjement og kreativitet for å finne gode løysingar. Dette er samhandling av ypperste slag, seier Frøiland.

Anette Hellstrøm

publisert 23.11.2010