Samarbeider om tilsyn av barnehagar

Styret i Regionrådet Vest går inn for å realisera eit planlagt interkommunalt samarbeid der kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden samarbeider om tilsyn av barnehagar. Ei arbeidsgruppe har utarbeidd ein plan for tilsynsfunksjonen. Dette inneber at tilsyn i ein kommune vert lagt til ein av dei andre samarbeidskommunane. Tilsynet skal mellom anna sjå til at barnehagen følgjer rammeplanen for barnehagar i høve til innhald og fagområde eller at barnehagen har tilstrekkeleg grunnbemanning i høve til heile plassar.

Regionrådet Vest hadde styremøte måndag sjuande juni. Ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, er styreleiar i regionrådet. Dei andre som møtte i styret var Knut Hanselmann (ordførar i Askøy), Harald Nordstrand (fungerande ordførar i Sund) og Lars Lie (ordførar i Fjell). Rådmennene i dei fire kommunane er også med på styremøta og har tale- og forslagsrett.

Sluttar seg til felles strategisk næringsplan
Bergen Region Business (BRB) har utarbeidd ein felles strategisk næringsplan for bergensregionen 2010 – 2014 med perspektiv mot 2025. Planen vart 28. mai presentert for formannskapa i dei fire kommunane i regionen. Denne planen skal handsamast i alle kommunane som er medeigar i BRB. Styret for regionrådet har for sin del slutta seg til visjon, hovudmål og strategiar i planen. I vedtaket heiter det også at styret ser fram til å utvikla ytterlegare næringssamarbeid i regionen.

Ny framtidig hamn og organisering av hamnesamarbeidet
Det er gjennomført ei utgreiing om kvar ei ny godshamn for bergensområdet skal lokaliserast. Lokaliseringsspørsmålet er ikkje avklart, og styret i regionrådet drøfta strategiske sider ved saka. Styret stiller seg elles bak initiativet frå kommunane Fjell, Lindås og Øygarden som ønskjer ei evaluering av hamnesamarbeidet og å få kartlagt eigartilhøve og kva hamneaktørane i kommunane har generert av inntekter til Bergen og Omland havnevesen (BOH).

Konstituering av selskapet Sambandet Vest
10. juni er det konstituerande møte i selskapet Sambandet Vest. Dette selskapet skal arbeida for eit tverrsamband mellom Nordhordland, Askøy og Øygarden. Det vert lagt opp til at kommunane Fjell, Sund og Øygarden går inn med totalt 200 tusen kroner i aksjekapital. Øygarden kommune går truleg inn med 100 tusen kroner, medan Fjell og Sund kommunar går inn med 50 tusen kroner kvar.

Andre saker som vart drøfta i styret for Regionrådet Vest på måndag:

Det vart gjeve status for Sotrasambandet. Den største utfordringa er korleis planarbeidet skal vidareførast etter at Bergen kommune har vedteke at planområdet for sambandet skal utvidast frå Storavatnet til Liavatnet.

Regionrådet Bergensregionen vart formelt lagt ned 28. mai. Dette regionrådet vart same dag erstatta med Bergensalliansen. Dette organet skal vera ein sentral møteplass for dei kommunane som tidlegare var med i Regionrådet Bergensregionen.

Det føreligg ei evaluering av selskapet Gode Sirklar, Eigarkommunane, Fjell, Sund og Øygarden skal handsama evalueringa og den framtidige finansieringa av selskapet. Askøy kommune kan på eit seinare tidspunkt verta medeigar i selskapet.

Det vart gjeve informasjon om prosjektet «Felles ansvar» (felles kriminalitetsførebyggjande arbeid) og samarbeid om barnevern, byggjesak og IT.

Styret godkjente med nokre mindre endringar framlegg til logo og hovudstruktur på heimesida til regionrådet.
Tekst: Vigleik Brekke
08.06.2010

publisert 08.06.2010