Samarbeider om barnevern i regionen

Regionrådet Vest har vedteke å etablere eit prosjekt for å utvikle barnevernet i Region Vest, der interkommunalt samarbeid er plattforma. Alle dei fire kommunane, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, har utfordringar knytt til kapasitet

Rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter

og kvalitet på denne tenesta.

     –  I sommar har det vore stor mediemerksemd på dei store nasjonale utfordringane innan barnevernet. Slik sett er det ei gunstig og rett tid for nytenking og løft til det beste for barn og foreldre, seier rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter.

Fylkesmannen i Hordaland har løyvd 100 tusen kroner i tilskot til dette prosjektet for 2010, med opning fornye tilskot neste år.

Torgeir Sæter, opplyser at det er lagt opp til at arbeidet vert delt i to fasar. I fase 1 denne hausten vert innhald, mål og tiltak konkretisert, og det vert utforma ei ramme for hovedprosjekt. Vidare skal ein knyte kontakt med departement, Kommunenes Sentralforbund (KS), andre eksterne instansar og personar, søkje om ekstern finansiering av hovudprosjekt (fase 2) og førebu dette.

     – Vi har knytt til oss Agenda-Kaupang som prosjektleiarar i fase 1, seier Sæter.

Fase 2 vert etablering og gjennomføring av ”det nye barnevernet” – førebels tenkjer vi eit prosjekt over tre år.

Det ligg ingen sterke føringar på korleis det nye barnevernet skal vere, men det skal føre til eit tydeleg kvalitetsmessig løft. Korleis det interkommunale samarbeide skal utformast er det heller ingen føringar på. Dei førebelse måla for prosjektet er:

• Vi vil sikre barnet rett til hjelp og har MOT til å handle
• Vi vil gi tidleg, rask og rett hjelp gjennom å forskyve ressursar og innsats. 
• Vi vil tydeleggjere ansvar og roller i tverrfagleg samhandling – på tvers av forvaltningsnivå
• Vi vil ha eit barnevern som har eit samla og heilskapleg ansvar for tenesteytinga

     – Vi legg opp til informasjon, dialog og samhandling undervegs i prosessen då forankring, engasjement og positiv medverknad er viktig for sluttresultatet.  Fokuset er heile tida at det enkelte barn og familie skal merke ein positiv forskjell, seier Torgeir Sæter.

publisert 18.10.2010