Samarbeid om strandsone gjev resultat

Eit eige strandsoneprosjekt i Sunnhordland har gjeve gode resultat for dei åtte deltakarkommunane. På Tinget i Vest i går, i regi av Regionrådet Vest,  presenterte Austevoll-ordførar, Helge André Njåstad, strandsoneforvaltningsprosjektet.

Helge André Njåstad

– Vi har fått eit meir positivt forhold til Fylkesmannen, og vi får utvikla oss i strandsona. Den største gevinsten er at åtte kommunar meiner det same og har ein felles strategi.  I media vert det no presentert saker om at folk får byggja i strandsona, sa Helge Andre Njåstad til Tinget i Vest. Tinget er samansett av formannskapet i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Bakgrunnen for strandsoneprosjektet i Sunnhordland var frustrasjon i kommunane for å verta behandla like strengt som Oslofjorden, Sørlandet og Bergen når det gjeld utbygging i strandsona.

– Vi stod framfor eit vegval mellom krigsretorikk og å verta populær lokalt eller å gjera noko konstruktivt. Vi valde å vera offensive og ta styringa sjølv, sa austevollordføraren.

Kommunal- og regionaldepartementet gav kommunane status som pilotregion for differensiert strandsonepolitikk. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det 25 prosent tilgjengeleg strandsone i dei åtte kommunane. I strandsoneprosjektet vart ein del kriterium/definisjonar for strandsone endra, og ei kartlegging viste 49 prosent tilgjengeleg strandsone i samarbeidskommunane.

Målet var å få større sjølvråderett og bruka strandsona til busetjing og næringsliv. Samstundes var det eit mål å sikra urørt strandareal for allment friluftsliv. 

– Eg vedgår at eg var skeptisk til å ta med både fylkeskommunen og Fylkesmannen med i styringsgruppa for prosjektet. I ettertid ser eg at dette var klokt. Ei slik samansetjing av styringsgruppa gav alle deltakarane eit godt eigarskap til prosjektet, sa Helge Andre Njåstad.

Dei som tok ordet i etterkant av presentasjonen til Njåstad, understreka at samarbeid om dette feltet vil gje best resultat. Fleire tok til orde for at det bør utarbeidast ein kommunedelplan for strandsone i dei fire samarbeidskommunane i region vest.  Planane som vert utarbeidde må vera juridisk bindande og godt politisk forankra i kvar kommune.

 Periferifestivalen

Initiativtakar til Periferifestivalen, Ole Rasmus Øvretveit, orienterte om festivalen og tankar om korleis festivalen kan utvikla seg framover. I august i år vart den sjette festivalen arrangert på Glesvær i Sund.

Ole Rasmus Øvretveit

– Eitt av våre viktigaste fortrinn er at festivalen er leia av ein kompetent kulturorganisasjon. Vi har eit sterkt konsept, sterk merkvare, sterkt nettverk og godt rykte i bransjen, sa Øvretveit.

Utfordringane framover er organisering, krav til dugnad, femdobling av budsjettet og auka konkurranse. I følgje Øvretveit har folk sin oppfatning av festivalen utvikla seg frå å vera nyfiken til foreventa kvalitet.

– Periferifestivalen ønskjer å gå inn i ein ny treårsperiode og verta det kulturelle regionale fyrtårnet og ha ei regional forankring, sa Øvretveit.

 Andre orienteringar

Næringssjef i Askøy, Bård Sandal, orioenterte om «Prosjekt næring» der dei fire samarbeidskommunane i samarbeid med Gode Sirklar følgjer opp Strategisk Næringsplan som er utarbeidd av Business Region Bergen (BRB).

Dei siste nøkkeltala for dei prioriterte næringane i bergensregionen viser mellom anna at energinæringa omset for 165 milliardar kroner. BRB har også utarbeidd rapporten «Behov for næringsareal i bergensregionen».

 – Vår verdiskaping er avgjerande for regionen og heile nasjonen, sa Sandal.

Deltakarane på Tinget i Vest fekk omvisning på Kollsnes gassanlegg

Prosjektleiar i regionrådet, Torgeir Sæter, orienterte om prosjekta, «Plan- og byggjesak», «Rusomsorg – prosjekt vest» og «Betre saman for barna». Dei mest aktuelle prosjekta i første omgang for «Betre saman for barna» er felles kontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn og felles regional barnevernsvakt.  Les meir om dette her.

Kultursjef i Sund, Laila Klementsaune, og kulturleiar i Øygarden, Bernt Hjørnevik, fortalte om minneseglasen til Shetland i månadsskiftet juni/juli. Minneseglasen med seglskuta Loyal var eit prosjekt i det interkommunale kultursamarbeidet (IKKUS) mellom dei fire kommuane i regionen og var ei markering knytt til tidlegare ordførar i Sund, Albrigt Sangolt som døde i september 2010.

Under oppsummeringa fekk styret i regionrådet støtte for å arbeida vidare med dei ulike samarbeidsprosjekta.

– Eg opplever det slik at det vart gjeve god støtte til å arbeida vidare med dei ulike prosjekta. Dette gjeld mellom anna plan og byggjesak, «Betre saman for barna» og rusomsorgsprosjektet, sa styreleiar Ove Trellevik.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Øygarden kommune, V. Brekke

publisert 18.09.2012