Samarbeid om fosterheimsplasserte barn

Det kan verta oppretta eit felles kontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn i region vest. Det opplyste prosjektleiar i Regionrådet Vest, Torgeir Sæter, på styremøtet i regionrådet i går.  Det er også aktuelt å oppretta felles barnevernsvakt for dei fire samarbeidskommunane i region vest, Askøy, Fjell,

I dag er det om lag 100 fosterheimsplasserte barn i regionen. Ifølgje Sæter er det mest aktuelt å nytta såkalla vertskommunemodell når ein skal vurdera eventuelt felles kontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn.

Strusshamn, Askøy

Sund og Øygarden. Dette er to av fleire aktuelle tiltak knytt til hovudprosjektet «Betre saman for barna».

Til hausten kjem det også ei utgreiing om det skal etablerast felles regional barnevernsvakt, gjerne knytt til eit døgnbemanna barnevernstilbod. Eit viktig mål med dette prosjektet er å verta i stand til gå inn med tidleg hjelp. Den økonomiske ramma for prosjektet «Betre saman for barna» i 2012 er 525 tusen kroner.

Andre prosjekt

Styret i regionrådet fekk elles status for prosjekt plan og byggjesak. Fylkesmannen har løyvd vel eín million kroner til prosjekt innan byggjesak, ulovleg bygging og oppmåling. Det skal mellom anna utgreiast interkommunalt samarbeid om ulovleg bygging og tilsyn. I eit prosjekt om byggjesak/strandsone er målet å gje innbyggjarane og næringslivet ein raskare, meir samordna og kvalitativt betre saksbehandling. Det vert også arbeidd med oppmåling, karttenester og korleis det kan utviklast attraktive arbeidsplassar innan desse arbeidsfelta. Styret seier seg nøgd med at dette prosjektet no får betre framdrift og sluttar seg til mål og innhald.

Styreleiar i regionrådet, Ove Trellevik

I fjor presenterte Helse Bergen eit forslag om å etablera eit rusomsorgsprosjekt på Askøy som eit samarbeid mellom kommunane i regionen, Blå Kors og Helse Bergen. Også Husbanken er ein viktig samarbeidspart i dette prosjektet. Det skal mellom anna sikra ei god oppfølging av pasientane med mellom anna butilbod etter behandling hjå Helse Bergen. Utbygging av bustader kan gjerast i samarbeid med eigaren av bygga og området, Blå Kors.

Andre saker i regionrådet 4. juni

  • Status for arbeidet med strategisk næringsplan
  • Sjølvbyggjarprosjekt
  • Vedtektene for regionrådet
  • Regional transportplan
  • Førebuing til Tinget i vest 17. september 

Her er fleire detaljar frå styremøtet i regionrådet,  Nyheitsbrev 02-2012

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 05.06.2012