Samarbeid kan gje store innsparingar

Dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden kan oppnå store økonomiske gevinstar ved å utvida samarbeidet. Det går fram av tre ferske rapportar frå Agenda Kaupang.

Det er Regionrådet Vest som har tinga rapportane frå Agenda Kaupang. Rapportane byggjer i hovudsak på ein gjennomgang av KOSTRA-data for 2009. (KOSTRA, KOmmune-STat-RApportering, er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd.)

Ein førebels analyse syner at dei fire kommunane kjem ut med eit økonomisk tap ved ei kommunesamanslåing. Rapportane syner likevel at det er økonomisk gode grunnar til å finna fram til gode samarbeidsløysingar som gjev gode tenester for innbyggjarane.

Det er teoretisk mogleg for dei fire kommunane å spara 360 millionar kroner. Ein føresetnad for ei så stor innsparing er at den einskilde kommune kopierer den rimelegaste tenesta av samanliknande kommune på kvart område. På bakgrunn av dette meiner Agenda Kaupang at det er eit realistisk mål for dei fire kommunane å totalt redusera dei årlege nettoutgiftene med 100 millionar kroner.

 
Kan spara mest i undervisning og pleie og omsorg

I Øygarden og Askøy kommunar er det innan pleie og omsorg det er mogleg å spara mest, medan Fjell og Sund har mest å henta økonomisk innan undervisning. Dette samsvarar godt med det kommunane sjølv har konkludert med i eigne utgreiingar.

Når det gjeld undervisninga kan kommunane Fjell, Sund og Øygarden oppnå innsparing ved at kommunane kjøper elevplassar frå kvarandre på tvers av kommunegrensene. I region vest har 17 av skulane mindre enn 14 elevar pr. trinn. I pleie og omsorg peikar rapportane på at utbygging av sjukeheimsplassar kan samordnast slik at kvar kommune heile tida har om lag rett tal på plassar.

Rapportane har mellom anna gjennomgått befolkningsutviklinga, arbeidsmarknaden, næringslivet, sysselsetjinga, senterstruktur, skatteinntekter, nye krav til kommunane, dei ulike tenesteområda og moglege samarbeidsområde for dei fire kommunane.

  Agenda Kaupang har levert tre rapportar:

– Kostnadsgjennomgang
  Analyse av kommunane sin ressursbruk samanlikna med andre kommunar

– Regional utvikling, inntektsnivå og behovsutvikling
  Dynamikk og utfordrningar i eit vekstområde

– Betre kommunar gjennom utvida samarbeid
  Ein prinsipiell gjennomgang av moglegheitar og avgrensingar

Tekst/foto: Vigleik Brekke

publisert 27.04.2011