Retningsliner for arbeidet i Regionråd Vest

I § 1 i vedtektene for Regionråd Vest heiter det:

”Regionråd Vest er et rådgivende og koordinerende organ for kommunene Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Regionrådet skal fremme forpliktende samarbeid mellom kommunene, og videreutvikling av regionen.”

1 UTVIKLING AV REGIONEN

Felles bu og arbeidsmarknad krev felles løysingar sett i ein større samanheng. Arrondering av regionen i vest i eit eige råd er naturlig og høveleg både ut frå historisk og framtidstretta tenkning. Kommunane har ein geografisk nærleik og er einsarta på så mange område. Kysten med fjordbasseng og havet i vest peikar i retning marin aktivitet og energi, men mangfaldet av aktivitet er og tydeleg.

Felles tilnærming og tenkjing kring overordna regional utvikling og infrastruktur er viktig og naturleg.

Utviklinga av regionen bør gjerast etter ei saumlaus tenkjing. Gjerda vert å bryta ned, medan grensene vert ståande.
Kommunane har over lengre tid bygd nettverk med meir eller mindre formalisert samarbeid. Det er no naturleg å gå vidare.
Utfordringane for kommunenorge når det gjeld økonomi og kompetansemessige føresetnader gjer det dessutan naudsynt å finna løysingar for samarbeid og samhandling.

Våre innbyggjarar er opptekne av den beste løysinga, ikkje kven som sit i bakkant og eig utfordringa. Vår oppgåve er å gje den beste løysinga sett i ein større samanheng.

2 NÆRING

Det er etablert ein organisasjon sentralt for store deler av Hordaland – næringssamarbeidet rundt Bergen: Business Region Bergen. Alle kommunane våre er medeigarar i BRB og har god tilknytning til denne og etablerte nettverk. Det som og er viktig i denne samanheng er krafta i den lokale næringsutviklinga.

Gode Sirklar er tyngdepunktet i Sund, Fjell og Øygarden – det utøvande organ for næringsutvikling i disse kommunene. I Askøy representerer næringssjefen den utøvande funksjon for kommunen sin næringsaktivitet med Formannskapet som politisk tyngdepunkt.

Kompetansen i næringslivet er berrsynt med verdsleiande aktivitet på mange områder og rikt mangfald.

3 ORGANISERING AV TENESTEAPPARATET

Som ein konsekvens av ovannemnde er på fleire områder ein rimeleg spanande og nyutviklande arbeidsmåte kome godt i gong. I framhaldet er det viktig å leggja til grunn ei framtidsretta og godt gjennomtenkt funksjonsdeling innan kvar kommune og mellom kommunane når ein går ut over noverande og tradisjonelle rammer.

Fyrst og fremst lyt økonomiske realiteter og føremuner leggjast til grunn. I botn for dette ligg det ofte særskilde fortrinn og føresetnader. Når ein kommune har spesielle fortrinn framfor ein annan på eit felt er det viktig at desse fortrinn kjem dei andre til gode. Fortrinna er ikke nødvendigvis berrsynte her og no, men vil verta det i dei samtalar og prosesser vi står andsynes i tida som kjem. Vår oppgave blir å nyttiggjøre seg desse til felles beste. Dette opnar for, og vil truleg føra til ei utradisjonell funksjonsdeling av tenesteapparatet i kommunane i høve til i dag. Vi snakkar både om ei spesialisering og ei samordning.

4 STYRANDE MYNDE

Det er ordførarane som utgjer styringskompetansen i Regionrådet på bakgrunn av vedtak i eigen kommune. Rådmennene deltek på styremøta/ordførarmøta med tale og framleggsrett.

Vedtektene tilseier at prinsipielle saker vert å handsama i kvar einskild kommune.

Sak etablering regionrådet vest, Øygarden Kommunestyre 09.12.09

publisert 25.08.2010