Please install Flash® and turn on Javascript.
Administrerande direktør i BRB, Asbjørn Algrøy, presenterte rapporten “Behov for næringsarealer i bergensregionen” på styremøtet i Region Vest i dag (23. januar). Dette er ei oppfølging av eitt av tiltaka i strategisk næringsplan for bergensregionen.
- I løpet av dei neste 20 åra vil befolkninga auka med om lag 110 tusen innbyggjarar. Det er behov for 10 – 15 tusen dekar i bergensområdet, og det er viktig at både Bergen og distriktet står saman om ein strategi om utvikling av næringsareal, sa Algrøy.
Arbeidsgruppa går inn for at det i kvar av delregionane i region vest, region nord og bjørnefjordenregionen vert etablert eit forpliktande interkommunalt samarbeid for utvikling av kommunedelplan for næringsareal. Dette samarbeidet bør gjennomførast i nær dialog med Bergen kommune og fylkeskommunen. Tyngda av nye arbeidsplassar kjem innanfor kompetansebaserte og tilsetteintensive verksemder og
vert etablert i eller nær byane. – For å få ei bærekraftig utvikling, må arealkrevjande verksemder sentralt flyttast for å gje plass til verksemder som er basert på kompetanse, heiter det i rapporten.
Styreleiar Nils Marton Aadland og prosjektleiar for Sambandet Vest, Terje Hopen, presenterte eit forprosjekt til det planlagte tverrsambandet mellom Øygarden og Nordhordland.
- Dersom alt går etter planen, kan vegprosjektet vera ein realitet i 2020. Målet er å få omtale i komande Nasjonal transportplan (NT) og at det vert sett av midlar til prosjektet i NT 2017-2028. Dette skal ikkje konkurrera med prosjekt som Sotrasambandet, Askøypakken og Nordhordlandspakken, sa Nils Marton Aadland.
Prosjektet er kostnadsrekna til om lag to milliardar kroner. Tverrsambandet legg opp til ferje frå Øygarden til Herdla på Askøy med undersjøisk tunnel vidare til Meland og veg og tunnel til Radøy/Nordhordland. Sambandet skal sikra at Nordhordland, Askøy og Sotra/Øygarden vert eitt bru- og ein arbeidsmarknad. Målet er vidare at prosjektet skal utvikla eit ringvegsystem rundt Bergen som kan avlasta trafikkpresset i Bergen.
Styret drøfta innhaldet i Tinget i vest 13. februar. Tinget i vest er samansett av formannskapa i dei fire samarbeidskommunane. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen vert invitert som gjestetalar på tingsetet. Det vert også presentasjon av dei ulike samarbeidsprosjekta i Regionrådet Vest. Møtet vart halde i Sund (Panorama Konferansehotell).
Styret har bede om ei sak om den økonomiske delingsnøkkelen for utgifter i regionrådet. Etter
at Øygarden hadde styreleiar og sekretariatsansvaret dei to første åra, har Sund kommune overteke dette ansvaret ettersom Sund-ordførarar Ove Trellevik er styreleiar for 2012-2013. Sund kommune vil halda fram med å nytta Per Hillestad (Askøy kommune) som sekretær. Spørsmålet om eventuell endring av delingsnøkkelen vil styret koma tilbake til seinare. Ei endring av delingsnøkkelen må godkjennast av den einskilde kommune.
Styreleiaren i regionrådet har hatt kontakt med fylkeskonservatoren med sikte på å oppretta ei felles stilling i region vest som bygningsvernkonsulent. Det er aktuelt med eit spleiselag der fylkeskommunen tek 50 prosent av kostnadene, medan resten vert fordelt på kommunane. Det er sendt søknad til Fylkesmannen om skjønsmidlar til stillinga. Det vert laga til ei felles sak for behandling i dei fire samarbeidskommunane.
Styret drøfta korleis dei fire kommunane kan samkjøra styrerepresentasjonar. Det er semje om å samordna verv i råd/styre som Bergen og Omland havnevesen, Interkommunalt utval for akutt beredskap og Kystsogevekene.
Regionrådet har gjeve uttale til fylket om rullering av skulebruksplan og TAF (tekniske og allmenne fag).
Melding om status for planane om lokalmedisinsk senter på Straume er sendt til regionrådet, Helse Bergen og kommunane som meldingssak.
publisert 23.01.2012
Telefon:
56 32 75 00
E-post:
post@regionradetvest.no
Sekretariat
Sund kommune
Besøks-/postadr:
Sund senter
5382 SKOGSVÅG
Ope: Månd-fred kl. 0800-1530
www.regionradetvest.no