Regionrådsmøte i Sund

Måndag 21. mars ønskjer Sund kommune Regionrådet Vest velkomen til nytt styremøte. Dette skjer på det nye hotellet Panorama Konferansehotell på Steinsland (tidlegare Marsteinen Hotel).

Panorama Konferansehotell

Sidan styremøtet i regionrådet i desember har sekretariatet og rådmannsgruppa arbeidd med fleire saker, og 7. februar var Tinget i Vest samla på Askøy.

  Felles Ansvar

Til møtet på måndag vert det mellom anna drøfting av korleis prosjektet Felles Ansvar skal følgjast opp. Felles Ansvar er eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. Forprosjektet vart avslutta hausten 2010, og styret i regionrådet vedtok i desember å følgja opp med eit felles prosjekt leia av Askøy kommune. Det vert tilrådd å kopla arbeidet opp mot ein SLT-koordinator i løpet av sommaren 2011 og knyta til seg ein etablert organisasjon eller foreining. Rådmennene tilrår vidare ei lett organisering som eit første steg og ei fastare organisering i neste steg.

  Andre saker og tema i styret for Regionrådet Vest på  
  måndag:

– Dialog/møte med Vest Næringsråd og HOG Energi.
– Felles forliksråd
– Felles skattekontor
– Betre kommunar gjennom samarbeid
– Regionrådet si rolle i større vegprosjekt
– Prosjekt byggjesak, oppmåling og plan

Til høgre under «Møte»  kan du klikka på dato for styremøte og lesa innkalling og saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 17.03.2011