Regionrådet Vest rundar av

Måndag 2. september hadde Regionrådet Vest sitt siste møte. Ti år med regionalt samarbeid vart markert med kake på kommunehuset i Sund.

Siste møte i regionrådet må markerast med kake, meiner leiar Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden). Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) hadde ikkje høve til å vera til stades.

Siste møte i regionrådet må markerast med kake, meiner leiar Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden). Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) hadde ikkje høve til å vera til stades.

Regionrådet tok til orientering ei oppsummering av arbeidet i regionrådet sidan starten i 2010. Der går det fram at med regionrådet som initiativtakar vart det innan fleire felt etablert regionalt samarbeid der mange arbeidsgrupper la ned eit omfattande arbeid. Det er semje om at via regionrådet vart det etablert ein viktig samarbeidsarena både administrativt og politisk.

Regionrådet var frå 2010 samansett av ordførarane i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy. Rådmennene har delteke med tale- og forslagsrett. Frå 2016 har regionrådet vest vore eit samarbeid mellom dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden.

Når nye Øygarden er etablert frå 2020, er grunnlaget for Regionrådet Vest i prinsippet vekke.

– Det er likevel viktig å drøfta nye samhandlingsarenaer og nye regionrådsgrenser basert på den nye kommunekartet frå 2020, heiter det i oppsummeringa.

Leiar i Regionrådet Vest, Kari-Anne Landro seier at regionrådet dei siste åra har gjeve tilråding til Fylkesmannen når det gjeld tildeling av skjønsmidlar.

– Vi treng å få avklart kva rolle dei nye kommunane vil få når det gjeld dette. Fylkesmannen har prioritert søknader der fleire kommunar har samarbeidd, og difor vil vi ta opp dette med Fylkesmannen når han seinare i haust har møte med kommunane, seier Sund-ordførar Kari-Anne Landro. Ho har leia regionrådet sidan januar 2018.

Oppsummeringa vert sendt til kvar av dei tre kommunane i regionrådet og fellesnemnda for Nye Øygarden kommune som referatsak.

Regionrådet har hatt eiga nettside sidan starten. Nettsida er sagt opp med verknad frå august 2020. Innhaldet på nettsida skal likevel takast vare på for å sikra arkivverdig informasjon.

Overføring av saker til fellesnemnda

Regionrådet vedtok å senda over to saker til fellesnemnda; «Framtidas kunnskapsklynge» og «Havrom- og moglegheitsanalyse.

I brevet skriv Kari-Anne Landro at i tett samarbeid med Gode Sirklar og gjennom forankring i det enkelte kommunestyre, har regionrådet dei siste åra hatt fokus på desse to prosjekta.

– Det er viktig for oss at prosjekta vert følgde opp i tida som kjem slik at ein sikrar kontinuitet i arbeidet, skriv Landro.

Arbeidet med «Framtidas kunnskapsklynge» kan koplast saman med «Samarbeidsarena vest» som er oppretta i samband med arbeidet til Hordaland fylkeskommune når det gjeld oppfølging av den regionale planen for kompetanse og arbeidskraft.

Vigleik Brekke (informasjon) og Inger Elin Skårdal Hetlevik (sekretær) fekk blomar for arbeidet for regionrådet.

Vigleik Brekke (informasjon) og Inger Elin Skårdal Hetlevik (sekretær) fekk blomar for arbeidet for regionrådet, (foto: Siri Fahlvik Pettersen)

publisert 02.09.2019