Regionrådet prioriterte søknader om skjønsmidlar

Styret i Regionrådet Vest prioriterte mellom ni søknader om skjønsmidlar frå Fylkesmannen på styremøtet på Askøy i dag.

Styre pr. januar 2015

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Styret i Regionrådet Vest frå januar 2015. Styret er samansett av ordførarane frå region vest. Frå venstre; Kari-Anne Landro (Sund), Eli Årdal Berland (Fjell, leiar)  Siv Høgtun (Askøy, nestleiar) og Åse Gunn Husebø (Øygarden).

Regionråda har ei koordinerande rolle i samband med søknadsprosessen, og Fylkesmannen vil i stor grad byggja på regionråda sine prioriteringar mellom prosjektsøknadene.

Fylkesmannen har avgjort at barn og unge (arbeidet mot barnefattigdom), lokale/interkommunale tiltak innan omsorg, by- og tettstadsutvikling, beredskap og tiltak innan miljø- og landsbruksområdet skal prioriterast. Som følgje av dette har styret etter innstilling frå rådmennene i dei fire samarbeidskommunane laga ei prioritertsliste mellom dei ulike søknadene. Les prioriteringslista her. 

Nokre av søknadene tek utgangspunkt i prosjekt i eín av kommunane, men via arbeidsgrupper vert dei fellesprosjekt for alle dei fire kommunane i regionen. Eín søknad er knytt til samarbeidsprosjekt mellom tre av kommunane (Fjell, Sund og Øygarden), medan eín søknad er frå eín av kommunane.

Kommunereforma

Fylkesmannen har tidlegare løyvd 800 tusen kroner i kompetansehevingsmidlar til kommunane i region vest knytt til ny kommunestruktur. På bakgrunn av arbeidet med utgreiing av ny kommunereform, vart det vedteke at desse midlane skal fordelast på dei fire kommunane i regionen, med 200 tusen kroner til kvar. Midlane kan brukast til eigen utgreiing og eventuell felles utgreiing av kommunereforma.

Gjennomgang av pågåande samarbeidsprosjekt i region vest

Styret gjekk gjennom eit oversyn over alle pågåande samarbeidsprosjekt som Regionrådet Vest har teke initiativ til og koordinert.
Samarbeidsprosjektet om felles landbrukskontor er førebels lagt på is. Styret bad likevel om at rådmennene ser på aktuelle løysingar i tillegg til alternativet om å organisera eit felles landbrukskontor som vertskommunemodell.

Askøy kommune skal koma tilbake til styret med ei orientering om status for planane om rusomsorgsprosjektet på Askøy (Rusomsorg – prosjekt vest).

Brannsamarbeid

På møtet i dag vart det gjeve status for arbeidet med felles brannvernsamarbeid. Ei arbeidsgruppe har tilrådd at det vert etablert ei felles brann- og redningsteneste for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Askøy kommunestyre har vedteke at kommunen skal ha sitt eige brannvesen, medan kommunestyra i Sund, Øygarden og Fjell har vedteke å verta med i ei felles brann- og redningsteneste med namnet Vesthordland brann & redning (VHBR).

Det nye selskapet er tenkt organisert som eit interkommunalt selskap med sikte på etablering innan utgangen av året. Det vart også gjeve informasjon om Bergensalliansen sitt arbeidet med felles brannvern.

Tekst  og foto: Vigleik Brekke

publisert 09.03.2015