Regionrådet positiv til rusomsorgsprosjekt

Regionrådet vest ønskjer å få kartlagt behovet for å etablera eit behandlings- og oppfølgingstilbod mot rus på Askøy.

Styreleiar Ove Trellevik og rådmann i Askøy, Odd Magne Utkilen

Styret i regionrådet var samla til møte i Øygarden i dag og drøfta mellom anna rapporten «Rusomsorg – Prosjekt Vest». Ei faggruppe hadde konkludert med at det ikkje var grunnlag for å vidareføra dette prosjekt no, men både rådmannsgruppa i regionrådet og styret ønskjer å arbeida vidare med prosjektet.

Styret vedtok at det skal kartleggjast kva behov det er for eit slikt tilbod og finna ei felles plattform for korleis ein skal følgja opp arbeidet vidare. Kartlegginga vil mellom anna avklara kva som kan gjerast felles i rusomsorga og kva som den enkelte kommune bør gjera sjølv. På bakgrunn av dette kartleggingsarbeidet, vert det presentert ei sak komande haust.

Målet med dette prosjektet er å utgreia og koma med forslag til etablering av eit behandlings- og oppfølgingstilbod på Askøy i samarbeid med Helse Bergen, Blå Kors og kommunane i region vest. Det er eit mål at fleire rusmisbrukarar vert rusfrie over tid og at prosjektet kan realiserast for alle involverte partar.

Det var avdelingsdirektør i Helse Bergen, Ola Jøsendal, som lanserte forslaget på ein regional konferanse i Sund i 2011. Ei faggruppe har arbeidd med tiltaket og skissert ei løysing med å byggja eller å ta i bruk fire til seks små husvære i første omgang. Pasienten skal bu i sin eigen bustad sjølv om tenestetilbodet kan variera mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Etter to til seks månader vil pasienten verta overført til permanent bustad i eigen kommune.

Moglegheitsstudie av kommunestruktur

På bakgrunn av vedtak i kommunestyra i dei fire kommunane i region vest, vedtok styret i regionrådet i dag at Regionrådet Vest fremjar søknad til Fylkesmannen i Hordaland og Kommunal- og regionaldepartementet om finansiering av eit moglegheitsstudie av framtidig kommunestruktur.

Askøy, Fjell og Sund kommunar har vedteke å vera med prosjektet, medan Øygarden kommune vert med som observatør. Studiet skal gje best mogleg savar på fordelar og ulemper i dei ulike strukturane. Styret i regionrådet vert styringsgruppe for prosjektet.

Dialog om samferdsletiltak

Med utgangspunkt i ei sak om transportløysing mellom Ågotnes og Hanøytangen drøfta styret ulike tiltak som kan betra transportforholda i regionen. Mellom anna drøfta styret ferjesamband mellom Ågotnes og Hanøytangen særleg tilrettelagt for næringslivet og snøggbåt/arbeidsrute mellom Ågotnes, Hanøytangen og Bergen.

Styret vedtok at ordførarane inviterer næringslivet til eit møte/seminar komande haust for å drøfta moglege framtidige behov og transportløysingar.

Meldingar

Styret drøfta som meldingssak oppfølging av saka om interkommunalt samarbeid om kartlegging av strandsone og kommunedelplan for næringsareal. Fylkesmannen har løyvd 300 tusen kroner til dette planarbeidet. Når kommunestyra i alle kommunane har fatta vedtak, vil det konkrete prosjektarbeidet starta opp. Administrasjonen i kommunane vert oppmoda om å møtast for å få avklart status og oppfølging av saka.

Det vert søkt om regionale utviklingsmidlar i fylkeskommunen til Periferifestivalen. I tillegg til hovudarrangementet i Sund, vert det søkt om støtte til arrangement i nabokommunane i tilknyting til Periferifestivalen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 10.06.2013