Regionrådet møtte næringslivet

På styremøtet i Regionrådet Vest i Sund 22. mars var samarbeid med næringslivsorganisasjonane eit sentralt tema. Både styret for Vest Næringsråd (VNR) og leiinga i HOG Energi møtte styret for samtale og drøfting.

Frå styremøtet i regionrådet 22. mars

Dei viktigaste sakene VNR ønskte å drøfta på møtet var Sotrasambandet og samhandling med regionrådet. Det vart understreka at næringslivet er avhengig av eit godt vegsamband og at ein i fellesskap kjem fram til gode løysingar. Styremedlemene i regionrådet orienterte om status for Sotrasambandet. Det vart frå VNR si side gjeve uttrykk for eit ønske om å utvikla ein god kommunikasjon mellom VNR og Regionrådet Vest.

HOG Energi, som også møtte styret, har som mål at Hordaland skal vera ein leiande energiregion i Europa. HOG Energi skal saman med andre aktørar vera ein pådrivar og tilretteleggjar for utnytting av naturressursane på sokkelen til verdiskaping i fylket. Det vart orientert om dei prosjekta interesseorganisasjonen arbeider med.

  Felles Ansvar

Askøy kommune fekk ros for den måten kommunen har følgd opp denne saka. Felles Ansvar er eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. Styret slutta seg til framlegget om å kopla arbeidet opp mot ein SLT-koordinator i løpet av sommaren 2011 og knyta til seg ein etablert organisasjon eller foreining. Det vert lagt opp til ei lett organisering som eit første steg og ei fastare organisering i neste steg.

Saka kjem tilbake til styret i regionrådet før ho går til handsaming i dei fire samarbeidskommunane.

  Felles skattekontor

Ifølgje kemnerutvalet i Fjell, Sund og Øygarden er det fare for at det felles statlege skattekontoret for dei tre kommunane kan verta lagt ned. Utvalet har sendt brev til ordførarane for dei tre kommunane og gjort merksam på konsekvensane av strukturendringa i Skatteetaten. Styret vedtok at det skal utarbeidast ei sak som går til formell politisk handsaming i alle kommunane i regionrådsamarbeidet, inklusive Askøy kommune. Styret ber kemnerutvalet å utarbeida saka.

  Felles forliksråd

Politidirektoratet ber om at politidistrikta tek opp spørsmålet om det skal opprettast felles forliksråd. På styremøtet i regionrådet vart det gjeve uttrykk for at det er nødvendig med meir bakgrunnsstoff om denne saka. Det vart vedteke å be om nærare utgreiing av konsekvensane av eit felles forliksråd.

  Andre saker i styret for Regionrådet Vest

– Regionrådet si rolle i større vegprosjekt
– Rapportar om ressursbruk og høve til utvida samarbeid vert sendt over
  til samarbeids  kommunane.
– Fjell kommune følgjer opp forprosjekt om samarbeid om byggjesak,  
  oppmåling og plan.

Styret i regionrådet er samansett av ordførarane i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Rådmennene i dei fire kommunane har tale- og møterett.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 21.03.2011