Regionrådet legg moglegheitsstudie på is

Styret i Regionrådet Vest gjennomfører ikkje eit moglegheitsstudie for kommunestruktur i denne omgang. Det er klart etter styremøtet i regionrådet i dag.
Askøy kommunestyre vedtok 31. oktober at kommunen ikkje vert med i dette prosjektet, og tidlegare har Øygarden kommunestyre vedteke at kommunen vert med som observatør. På bakgrunn av dette finn ikkje regionrådstyret grunnlag for å gjennomføra studiet i denne omgang og legg det dermed på is inntil vidare.

Eli Årdal Berland ny styreleiar

Eli Årdal Berland

Etter at Sund kommune har hatt leiarskapet i to år, og i samsvar med vedtektene vart det i dag valt ny leiar og nestleiar. Fjellordførar Eli Årdal Berland (biletet) vert ny styreleiar etter Ove Trellevik. Årdal Berland har fungert som styreleiar sidan oktober etter at Trellevik vart valt inn på Stortinget. Som nestleiar vart valt ordførar i Askøy, Siv Høgtun. Sekretariat-funksjonen vert frå nyttår av lagt til Fjell kommune.

Strandsone og næringsareal

Regionrådet vedtok at det skal utarbeidast ei ny felles sak for alle dei fire samarbeidskommunane i region vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) med oppfølging av felles planarbeid med kommunedelplan for næringsareal. I saka kjem det forslag om å oppnemna ei politisk referansegruppe samansett av to politikarar, fortrinnsvis planpolitikarar.
Alle dei fire kommunestyra har tidlegare vedteke å samarbeida om kartlegging av strandsone og har eit felles planarbeid med kommunedelplan for næringsareal. Etter forslag frå Fjell kommune om å oppnemna ei politisk referansegruppe, vert det altså utarbeidd ei ny felles sak som går til behandling i alle kommunane.

Drøfta rusomsorg

Styret frå desember 2013. Styret er samansett av ordførarane frå region vest. Frå venstre; Otto Harkestad (Øygarden), Siv Høgtun (Askøy); Eli Årdal Berland (Fjell) og Nils Kåre Skoge (Sund).

Styret i regionrådet drøfta eit referat frå ei arbeidsgruppe som har arbeidd med rusomsorg i regionen. I juni i år vart det vedteke å halda fram med arbeidet med eit rusomsorgsprosjekt i region vest. Bakgrunnen for dette prosjektet var å koma med forslag til etablering av eit behandlings- og oppfølgingstilbod i samarbeid med Helse Bergen, Blå Kors og dei fire kommunane i regionen. Dei ulike kommunane har følgd opp vedtaket med å presentera eit oversyn over kva tilbod den enkelte kommune har på dette området og kva utfordringar dei står overfor.
Oppsummeringa viser at det er behov for bustader for personar med rusproblem. Fjell og Askøy kommunar har i tillegg utfordringar med LAR (Legemiddelassistert rehabilitering). Dette er ei pasientgruppe som aukar og som det er vanskeleg å gje eit godt tilbod til.
Det er semje om at det ikkje er aktuelt å etablera felles LAR-senter for fleire kommunar, men at dette er tiltak som den enkelte kommune følgjer opp. Styret avventar vidare arbeid med denne saka til regjeringa følgjer opp signala om auka satsing på psykiatri og rus.

Tema på Tinget i Vest

Styret drøfta aktuelle saker til Tinget i Vest i april 2014. Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane. Aktuelle tema på møtet til våren er tema knytt til næringsliv/næringsutvikling, evt. samhandlingsreforma. Statsrådar (næringsministeren evt helse- og omsorgsministeren) eller andre leiarar i departement/storting (fagkomitéleiar) vert inviterte.
Det vert gjennomført ei spørjeundersøking blant formannskapsmedlemene i regionen om korleis dei opplever regionrådsamarbeidet og vegen vidare. Opplegget og spørsmålsstillingane for undersøkinga vert presentert for regionrådstyret før gjennomføring.

Ny prosess for tildeling av skjønsmidlar

Fylkesmannen har fremja forslag om ny prosess for tildeling av skjønsmidlar til omstilling og fornying. Det ligg føre forslag om at regionråda skal ha ei koordinerande rolle i samband med søknadsprosessen der regionrådet gjev tilråding og samordnar tildelinga. Fylkesmannen tek så endeleg avgjerd til søknadene.
Styret i regionrådet ønskjer at kommunane sjølv gjev uttale til forslaget frå Fylkesmannen og at regionrådet utarbeider ei sak som vert behandla i kommunane i desember. Dette er nødvendig ettersom fristen for å gje uttale går ut før nyttår. I 2013 tildelte Fylkesmannen i Hordaland 17,8 millionar kroner i midlar til omstilling og fornying.
Orienterte om Felles Ansvar

Åsta Årøen

Felles Ansvar er eit rus- og kriminalitets-førebyggjande tiltak som er koordinert gjennom Regionrådet Vest der fleire frivillige organisa-sjonar, politi og dei fire samarbeids-kommunane i regionen (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) har gått saman om rus- og kriminalitetsføre-byggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. Dette har ikkje erstatta andre tiltak i kommunane, men har vore eit supplement basert på frivillig arbeid.
Tiltaket har hatt nærare 1,5 millionar kroner til rådvelde sidan oppstarten for to år sidan. Det er ikkje lønsmidlar til å halda fram prosjektet på ordinær måte etter nyttår. Det vert likevel lagt opp til at prosjektet held fram i eit avgrensa omfang på frivillig basis. Prosjektkoordinator Åsta Årøen (biletet) orienterte om status og at det er kome signal om meir pengar frå næringslivet og at Vest Næringsråd vert trekt med i arbeidet og får plass i styret. Det vert også teke kontakt med Askøy Næringslivsforening. Årøen viste til seks konkrete prosjekt i dei fire kommunane i regionen som er eit resultat av dette arbeidet.

Meldingar

Under posten meldingar vart det lagt fram referat frå IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid).
Ordførar i Askøy, Siv Høgtun, orienterte om status for palliativ avdeling på Askøy. Det har kome signal om redusert økonomisk tilskot til avdelinga. Ifølgje Høgtun har Helse Bergen no gjeve positive signal om vidare deltaking. Ho bad om at nabokommunane gjer tilbodet godt kjent og nyttar seg av det.
Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 02.12.2013