Regionrådet følgjer opp kommunereforma

Styret i Regionrådet Vest skal på neste møte 9. mars ta stilling til ei skisse om korleis dei samarbeidande kommunane skal arbeida vidare med kommunereforma i regi av regionrådet.

Styret i Regionrådet Vest frå januar 2015.  Styret er samansett av ordførarane frå region vest. Frå venstre; Siv Høgtun (Askøy, nestleiar), Eli Årdal Berland(Fjell, leiar), Kari-Anne Landro og Åse Gunn Husebø (Øygarden).

Styret i Regionrådet Vest frå januar 2015. Styret er samansett av ordførarane frå region vest. Frå venstre; Kari-Anne Landro (Sund), Eli Årdal Berland (Fjell, leiar)  Siv Høgtun (Askøy, nestleiar) og Åse Gunn Husebø (Øygarden).

Styret var samla til møte i Sund i dag. Dei fire samarbeidskommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har fått 800 tusen kroner i skjønsmidlar frå Fylkesmannen til kompetanseheving om kommunereforma. Rådmennene har utarbeidd eit førebels notat om korleis midlane kan brukast og korleis arbeidet med kommunereforma skal følgjast opp.

Til neste styremøte skal rådmennene leggja fram forslag til bruk av midlane og prosessen framover. Dette vert då ei styringssignal for det vidare arbeidet.

Status for samarbeidsprosjekt

Til møtet låg det føre oversyn over alle samarbeidsprosjekta som Regionrådet Vest har teke initiativ til og koordinert. Lista viser 20 ulike samarbeidsprosjekt. I tillegg kjem 11 samarbeidsprosjekt som er sett i drift eller som er avslutta.

Styret gjekk gjennom oversynet. Det vart gjeve signal om at arbeidet med strandsoneplan og prosjektet «Rusomsorg Vest» skal prioriterast. Sak om lokalmedisinsk senter lokalisert på Straume er sendt til rådmennene i Sund og Øygarden og er klar til behandling i løpet av mars.

Til neste styremøte i mars vert det presentert eit oversyn over alle samarbeidsprosjekta i regionen, også dei som ikkje er etablert eller koordinert gjennom regionrådet. På neste møte vert det også ein gjennomgang som avklarar kva kommune som er med i dei ulike prosjekta.

Askøy kommune vert med i samarbeidet i regionen

Askøy kommunestyre vedtok i desember å melda seg ut av Regionrådet Vest med verknad frå januar 2016. Askøy kommune deltek dermed i møta i regionrådet i 2015. Askøy-ordførar Siv Høgtun understreka på møtet i dag at kommunen ikkje melder seg ut av regionen men ønskjer å halda fram med det gode samarbeidet ein har om ei rekkje prosjekt. Til neste møte skal det lagast ei sak om korleis samarbeidet i regionen og regionrådet skal organiserast vidare.

Skjønsmidlar frå Fylkesmannen

Fylkesmannen har igjen 27 millionar kroner av ordinært skjønstilskot for 2015 og legg i første omgang opp til å fordela 12 millionar kroner i prosjektskjøn. Regionråda har no ei koordinerande rolle og skal prioritera mellom søknadene frå regionen. Fylkesmannen si tildeling byggjer i stor grad på prioriteringa frå regionråda.

Fristen til å søkja om skjønsmidlar er forlengja til 13. mars. Fram til styremøtet 9. mars vil det liggja føre aktuelle søknader om samarbeidsprosjekt og frå enkeltkommunar. Styret i regionrådet skal då prioritera mellom søknadene som vert sendt til Fylkesmannen.

Andre saker i regionrådet 19. januar

• Framlegg til møteplan vart godkjent. Styremøtet i mars vert endra til 9. mars.
• Ordførar i Sund kommune, Kari-Anne Landro vert representant frå Regionrådet Vest i styringsgruppe for planprogram for regionalt plan for kompetanse og arbeidskraft.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.01.2015