Regionrådet drøftar samarbeidsprosjekt

På styremøtet i Regionrådet Vest i Sund måndag 19. januar vert det teke stilling til korleis det skal arbeidast vidare med søknader om skjønsmidlar for 2015.

Fylkesmannen har igjen 27 millionar kroner av ordinært skjønstilskot for 2015 og legg i første omgang opp til å fordela 12 millionar kroner i prosjektskjøn. Regionråda har no ei koordinerande rolle og skal prioritera mellom søknadene frå regionen. Fylkesmannen si tildeling byggjer i stor grad på prioriteringa frå regionråda.

Status for samarbeidsprosjekt

Til møtet ligg det føre oversyn over alle samarbeidsprosjekta som Regionrådet Vest har initiert og koordinert. Lista viser 20 ulike samarbeidsprosjekt. I tillegg kjem 11 samarbeidsprosjekt som er sett i drift eller som er avslutta. På møtet på måndag skal regionrådet drøfta eventuell oppfølging av pågåande prosjekt.

Andre styresaker i Regionrådet Vest 19. januar

• Vidare organisering av prosjektet «Kompetanseheving for politisk administrativ leiing – kommunereform
• Askøy kommune, utmelding av Regionrådet Vest
• Møteplan for 2015

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 14.01.2015