Regionrådet drøftar ny vidaregåande skule

Møtet vert halde på Fjell rådhus.

Møtet vert halde på Fjell rådhus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På styremøtet i Regionrådet Vest den 29. mai vert det drøfting av planane om ny vidaregåande skule i Sotra Kystby.  Gode Sirklar er beden om å gjennomføra eit prosjekt som legg til rette for dette.

I den vedtekne skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune går det fram at det skal etablerast ein ny Sotra vidaregåande skule i kollektivknutepunktet Straume/Bildøyna og at Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund, vert avvikla og erstatta av ny skule på Straume/Bildøyna.

På møtet i Regionrådet Vest gjev Sigmund Kvernes frå Gode Sirklar og prosjektleiar Tone Merethe Aasen (SINTEF) informasjon om prosjektet kunnskapskluster i Sotra Kystby.

Andre saker på sakskartet til regionrådet den 29. mai er tildeling av skjønsmidlar 2017 og tilskot til vegar og digitaliseringstiltak knytt til kommunereforma.

Møtet vert halde på Fjell rådhus og tek til klokka 12.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

publisert 23.05.2017