Regionrådet drøftar kommunereform

Regionrådet Vest skal på styremøtet i Fjell komande måndag drøfta korleis regionrådet skal arbeida med eit prosjekt om kommunereforma.

Styremøtet er denne gongen lagt til Fjell rådhusRegionrådet er av Fylkesmannen tildelt 800 tusen kroner til prosjektet «Kompetanseheving for politisk og administrativ leiing – kommunereform». Totalt er det løyvd 3,2 millionar kroner i skjønsmidlar til tiltak i Askøy kommune og til samarbeidstiltak i dei fire kommunane i regionen.

I søknaden om kompetansemidlar til arbeid med kommunereforma går det fram at det korkje politisk eller administrativt er interesse for å teikna kommunekart før ein har fått meir kunnskap og erfaringar frå andre og fått avklart framtida når det gjeld statlege, fylkeskommunale og justering av kommunale oppgåver.

Regionrådet ønskjer å innhenta forsking, kunnskap og erfaring som gjev eit dekkjande og heilskapleg bilete før regionen tek til å diskutera konkrete alternativ for kommunestruktur. Det vert lagt opp til fleire dagseminar og samlingar for formannskapa, kommunestyra og administrasjonane. På møtet den 15. september skal styret ta stilling til den vidare handtering av saka.

På styremøtet vert det orientert om framtidig organisering av reiselivet i Hordaland, frisklivs- og meistringssenteret og prosjektet «Trygge kvinner i ei moderne barselomsorg».

Les innkalling med saksdokument her.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

publisert 09.09.2014