Regionrådet drøftar kollektivtransport

På møtet i Regionrådet Vest den 21. august skal styret drøfta om det kan gjennomførast eit samlande kollektivprosjekt for Nye Øygarden kommune. Som grunnlag for drøftinga ligg det føre eit notat om dette med vekt på bestillingstransport.

P1050343_buss16-H700

Illustrasjonsfoto

Både Sund, Fjell og Øygarden har etablert kommunale transporttilbod som eit supplement til dei fylkeskommunale bussrutene. I notatet går det fram at fylket i liten grad har vore engasjert i bestillingstransport.  Fylket førebur no ny anbodsrunde for kollektivtransport med driftsstart i juni 2019. Det kan verta aktuelt å samarbeida med fylkeskommunen for å utgreia transportbehovet i den nye storkommunen.

– Er det ein idé å møta kommunesamanslåinga i 2020 med eit nytt og brukarvennleg transporttilbod, eit samlande «fyrtårn» for dei som bur vest for Sotrabrua, er spørsmålet som vert stilt i notatet.

Andre saker/orienteringar på styremøtet i Regionrådet Vest den 21. august

  • Framtidas kunnskapsklynge i Sotra Kystby. Sigmund Kvernes i Gode Sirklar og Tone-Merethe Aasen i Sintef presenterer eit prosjektforslag.
  • Infrastrukturelle tiltak. Dei tre kommunane er tildelt fire millionar kroner frå staten til infrastrukturelle tiltak.
  • Endringar i ekteskapslova, kommunale vigslar.
  • Orientering om Gode Sirklar v/ Tom Georg Indrevik.
  • Orientering om Fotballakademiet til Sotra Sportsklubb v/ Tommy Knarvik.

Møtet vert halde i kommunhuset i Sund (Skogsskiftet) og tek til klokka 12.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 15.08.2017