Regionrådet drøftar brannvernsamarbeid

Styret i Regionrådet Vest skal på møtet 9. mars mellom anna drøfta vidare organisering av brannvernsamarbeid.

Kleppestø rådhus 005

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei arbeidsgruppe har tilrådd at det vert etablert ei felles brann- og redningsteneste for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Askøy kommunestyre har vedteke at kommunen skal ha sitt eige brannvesen, medan kommunestyra i Sund, Øygarden og Fjell har vedteke å verta med i ei felles brann- og redningsteneste med namnet Vesthordland brann & redning (VHBR). Det nye selskapet er tenkt organisert som eit interkommunalt selskap med sikte på etablert innan utgangen av året.

På møtet i regionrådet på Askøy komande måndag skal styret drøfta vidare organisering av brannvernsamarbeidet.

Andre saker i Regionrådet Vest 9. mars

• Søknader om skjønsmidlar frå Fylkesmannen til fornyings- og
innovasjonsprosjekt i kommunane 2015
• Gjennomgang av samarbeidsprosjekt i regi av Regionrådet Vest
• Kommunereforma, status og organisering av prosessen vidare
• Orientering om planprogrammet for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Les meir om sakene her.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Askøy kommune

publisert 03.03.2015