Regionrådet drøftar rusomsorgsprosjekt

På møtet i Regionrådet Vest 10. juni skal styret i drøfta rapporten «Rusomsorg – Prosjekt Vest». Rådmennene i regionen er positive til å arbeida vidare med prosjektet.

Styremøtet vert halde på Øygarden rådhus, Rong

Målet med dette prosjektet er å utgreia og koma med forslag til etablering av eit behandlings- og oppfølgingstilbod på Askøy i samarbeid med Helse Bergen, Blå Kors og kommunane i region vest. det er eit mål at fleire rusmisbrukarar vert rusfrie over tid og at prosjektet kan realiserast for alle involverte partar.

Det var avdelingsdirektør i Helse Bergen, Ola Jøsendal, som lanserte forslaget på ein regional konferanse i Sund i 2011. Ei faggruppe har arbeidd med tiltaket og skissert ei løysing med å byggja eller å ta i bruk fire til seks små husvære i første omgang. Pasienten skal bu i sin eigen bustad sjølv om tenestetilbodet kan variera mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Etter to til seks månader vil pasienten verta overført til permanent bustad i eigen kommune.

Faggruppa har samla sett konkludert med at det ikkje er grunnlag for å vidareføra dette prosjektet no. Dette er grunngjeve med at det for tida er andre oppgåver og utfordringar i kommunane som har større prioritet. Rådmannsmøtet i region vest behandla saka 27. mai. Her er konklusjonen at det bør finnast løysingar som trekkjer prosjektet med det etablerte engasjementet vidare. Det er difor innstilt på at «Rusomsorg – Prosjekt Vest» held fram med sitt arbeid utan avbrekk og at ein er glad for løysingar som gjer dette mogleg.

Andre saker på styremøtet Regionrådet Vest 10. juni

  • Transportløysing Ågotnes – Hanøytangen
    Rådmannsmøtet går inn for at Askøy kommune arbeider vidare med sak om arbeidsrute med   båt på denne strekninga.
  • Oppfølging av sak om moglegheitsstudie
    På bakgrunn av behandling av sak om moglegheitsstudie av kommunestruktur, skal styret drøfta oppfølging av saka.

Styremøtet i regionrådet vert halde i Øygarden frå klokka 09.00.  Her kan du lesa innkalling og saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 04.06.2013