Regionrådet drøftar framdrift for moglegheitsstudie

Styret i Regionrådet Vest skal på møtet i Sund måndag 2. desember drøfta framdrifta for eit moglegheitsstudie for kommunestruktur i regionen.


Askøy kommunestyre vedtok 31. oktober at kommunen ikkje vert med i dette prosjektet. Kommunal- og regionaldepartementet har kravd vedtak i alle kommunestyra før søknaden om statlege midlar til moglegheitsstudiet kunne behandlast. Askøy kommunestyre har grunngjeve sitt vedtak med at Øygarden kommune heller ikkje vert med som ordinær deltakar i studiet og at dette er eit prosjekt som omfattar Sotra-kommunane og ikkje Askøy.

Dermed er det Fjell og Sund kommunar som vert med i studiet fullt ut. Øygarden kommunestyre har vedteke å vera med som observatør. Styret i regionrådet må på bakgrunn av dette drøfta den vidare framdrifta i prosjektet.

Styret for Regionrådet Vest

 

Rusomsorg

På styremøtet i juni i år vart det vedteke å halda fram med arbeidet med eit rusomsorgsprosjekt i region vest. Bakgrunnen for dette prosjektet var å koma med forslag til etablering av eit behandlings- og oppfølgingstilbod i samarbeid med Helse Bergen, Blå Kors og dei fire kommunane i regionen.

Dei ulike kommunane har følgd opp vedtaket med å presentera eit oversyn over kva tilbod den enkelte kommune har på dette området og kva utfordringar dei står overfor.

Oppsummeringa viser at det er behov for bustader for personar med rusproblem. Fjell og Askøy kommunar har i tillegg utfordringar med LAR (Legemiddelassistert rehabilitering). Dette er ei pasientgruppe som aukar og som det er vanskeleg å gje eit godt tilbod til. Ei arbeidsgruppe har vurdert etablering av felles LAR-senter, men det er konkludert med at logistikk knytt til reise er ei utfordring.

Andre styresaker i Regionrådet Vest 2. desember

  • Val av ny leiar og nestleiar i Regionrådet Vest
  • Tema i neste Tinget i Vest
  • Politisk representasjon i arbeidet med strandsone og næringsareal
  • Meldingar
Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 26.11.2013