Regionrådet ønskjer plansamarbeid

Styret i Regionrådet Vest går inn for at det vert utarbeidd ein kommunedelplan for strandsone som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Det vert også føreslått å utarbeida kommunedelplan for utvikling av nye næringsareal for kommunane i regionen. Desse to planane er delprosjekt i hovudprosjektet «Plan og byggjesak».

Styreleiar Ove Trellevik

Styreleiar i Regionrådet Vest, Ove Trellevik, har stor tru på at kommunane i region vest vil ha gevinst av eit slikt samarbeid.

– Dersom vi står skulder ved skulder i tankane om korleis vi ønskjer å utvikla strandsona og næringsarealet i regionen , står vi mykje sterkare overfor overordna styresmakter; som til dømes Fylkesmannen. Dette gjev oss slagkraft slik at vi kan nå målet vårt om å verta det mest attraktive vekstområdet i bergensregionen, seier Ove Trellevik.

Samarbeidsprosjektet om strandsone skal gje innbyggjarane og næringslivet ei raskare og meir samordna og høgare kvalitet på saksbehandlinga. Det skal leggjast til rette for nettbaserte tenester, og saksgrunnlaget for politisk behandling skal verta betre. Det er eit mål at prosjektet skal gje berekraftig forvaltning av strandsona i region vest og redusera talet på søknader om dispensasjon. Gjennom forvaltning av strandsona etter den nye plan- og bygningslova vert det utarbeidd ei felles plattform for forvaltning og fortolking av regelverket.

I Sunnhordland er det gode røynsler med samarbeid om strandsone. Ei kartlegging syner at det er vesentleg meir tilgjengeleg strandsone enn det som Statistisk sentralbyrå legg til grunn.

Prosjektet med samordna næringsplanlegging skal arbeida mot felles planstrategiar og felles plan for å dekka næringsarealbehovet. Gjennom samarbeidet kan ein setja av næringsareal i kommunane sine arealplanar og sikra areal til verksemder av regional interesse som krev stor plass.

Sakene om felles kommunedelplanar må behandlast i alle samarbeidskommunane. På møtet i regionrådet i dag vart det understreka at plansamarbeidet må ha god forankring i alle kommunane. Det vert orientert om dette på Tinget i Vest i Øygarden 17. september.   

Felles oppfølging av fosterheimsplasserte barn

Prosjektleiar i regionrådet, Torgeir Sæter, orienterte om status for prosjektet «Betre saman for barna». Eitt av måla med prosjektet er å gje tidleg, rask og rett hjelp gjennom å forskuva ressursar og innsats.

Eitt av dei første samarbeidsprosjekta som ser ut til å verta realisert, er felles kontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn i region vest. Det er også aktuelt å oppretta felles barnevernsvakt for dei fire samarbeidskommunane i regionen, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Etter planen ligg det føre sak om felleskontor for oppfølging av fosterheimsplasserte barn og evt. felles barnevernsvakt til neste møte i regionrådet.

I tillegg til desse to delprosjekta, er det oppretta arbeidsgrupper for å arbeida med tema som arbeidsvilkår, karrierebygging, kompetanseutvikling, felles utgreiningsteam, regionale senter, startsamtalar og «Betre saman med skule».

Prosjekt for plan og byggjesak

Torgeir Sæter orienterte også om status for prosjekt innan byggjesak, plan, ulovleg bygging og oppmåling. Fylkesmannen har løyvd totalt 1 050 000 kroner til dette hovudprosjektet.  Som vist ovanfor, ønskjer regionrådet at det vert utarbeidd ein kommunedelplan for strandsone og ein plan for utvikling av nye næringsareal som interkommunalt plansamarbeid for dei fire kommunane i region vest.

Det vert vurdert om det skal opprettast felleskontor for oppmåling, ulovleg bygging, landbruk og byggjesak.

Orientering om Olaviken

Frode Wikne

 Direktør Frode Wikne gav orientering om NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus. Olaviken er eit alderspsykiatrisk sjukehus med spesialisthelsetenestetilbod i psykisk helsevern og  direkteavtale med Helse Vest RHF.   Det er om lag 145 tilsette på institusjonen. Verksemda omfattar poliklinikk, ambulerande tenester frå poliklinikk og døgnavdelingar og døgn/utgreiingsavdelingar med totalt 20 plassar. Sjukehuset ligg på Erdal på Askøy, medan poliklinikk og hukommelsesklinikk er lokalisert på Haraldsplass i Bergen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 03.09.2012