Prioriterte søknader om skjønstilskot

Styremøtet i Regionrådet i Vest prioriterte i dag mellom fire søknader om skjønsmidlar til fornying- og innovasjonsprosjekt i 2016.

Prosjektleiar Arnt ivar Kverndal (midt på biletet) orienterte om prosjektet samfunnsutvikling, næring- og reiselivssatsing.

Prosjektleiar Arnt Ivar Kverndal (midt på biletet) orienterte om prosjektet samfunnsutvikling, næring- og reiselivssatsing.

Fylkesmannen skal fordela totalt 33 millionar kroner i skjønsmidlar for 2016. Han tildeler skjønsmidlane etter tilråding i regionråda.

Styret i Regionrådet Vest er samde om å prioritera «Velferdsteknologi i vest» høgast. Dette prosjektet skal leggja til rette for at menneske med omsorgsbehov betre kan meistra eige liv og helse og hjelpa til at fleire kan kjenna seg trygge og bu lengre i eigen heim. Prosjektet har ei ramme på 6,8 millionar kroner, og det vert søkt om støtte på totalt 3,5 millionar kroner

Som prioritet nummer to har regionrådet sett opp prosjektet «Felles kompetanseheving av beredskapsarbeid». Målet er å få gjennomført opplæring i kommunal krisehandtering, arbeid i stab og krisekommunikasjon. Søknadssummen er 150 tusen kroner.

Som tredjeprioritet har regionrådet sett opp prosjektet «Klimautgreiing i region vest». Målet med dette prosjektet er å auka kunnskapen om og utgreia klimaendringar, effekt og tilpassing i kystkommunar og energi, bruk, klimagassutslepp og reduksjonstiltak. Det vert søkt om 600 tusen kroner i skjønsmidlar.

På fjerdeplass er det sett opp prosjektet «Vest ekstrautvikling av modell for frivillig innsats retta mot helse- og omsorgssektoren». I dette prosjektet skal det utviklast ein modell for nye frivillige tenester retta mot helse- og omsorgsfeltet. Det vert søkt om 1,3 millionar kroner i støtte frå Fylkesmannen.

Alle dei tre kommunane i regionet deltek i dei fire prosjekta. Søknadsfristen er 11. mars, og det kan koma til fleire søknader før fristen går ut.

Revisjon av vedtekter

Etter at Askøy kommune har trekt seg frå Regionrådet Vest, må vedtektene endrast. Styret bad sekretariatet om å utarbeida eit utkast til vedtektsendringar som vert behandla på neste møte.

Interkommunalt samarbeid om brannvesen

Leiar i interimsstyret for samanslåing av Sotra brannvern IKS og Øygarden brannvesen, Olav Martin Vik, og dei to representantane frå konsulentselskapet KPMG, Kari Hesjedal og Per Heiberg-Andersen presenterte rapporten om etablering av felles brannvesen. Dersom kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden fattar vedtak om samanslåing i 2016, kan eit nytt brannvesen vera operativt frå januar 2017.

Det er føreslått interkommunalt selskap som selskapsform der Fjell kommune eig 64 prosent, medan Sund og Øygarden kvar eig 18 prosent. Kostnadene med å danna eit nytt selskap er rekna til om lag eín million kroner. Saka går til politisk behandling.

Felles samfunnsutvikling, nærings- og reiselivssatsing

Prosjektleiar Arnt Ivar Kverndal i Gode Sirklar presenterte dette regionalutviklingsprosjektet og stilte spørsmålet om kva meirverdar som skapar utviklingsarbeid. Det er nødvendig med relasjonar, samhandling, leiarskap og økonomiske ressursar. Styret i regionrådet vil koma tilbake til dette temaet, mellom anna Sykkel-VM, på eit seinare møte.

Ordførarane avklarar sak knytt til vegljos i dei tre kommunane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.02.2016