Prioriterte søknader om skjønsmidlar

Frå møtet i dag. Frå venstre; Kari-Anne Landro (ordførar Sund), Børge Haugetun (ordførar Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar Fjell), Steinar Nesse (rådmann Fjell), Siri Fahlvik Pettersen (rådmann Øygarden) og Inger Elin Skårdal Hetlevik (sekretær)

Frå møtet i dag. Frå venstre; Kari-Anne Landro (ordførar Sund), Børge Haugetun (ordførar Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar Fjell), Steinar Nesse (rådmann Fjell), Siri Fahlvik Pettersen (rådmann Øygarden) og Inger Elin Skårdal Hetlevik (sekretær).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På møtet på måndag prioriterte styret i Regionrådet Vest mellom åtte søknader om skjønsmidlar frå staten. Fylkesmannen skal totalt fordela 32,4 millionar kroner til prosjekt og til generell fordeling. Møtet i regionrådet vart halde i Øygarden rådhus.

Tilrådinga frå regionrådet har mykje å seia for tildelinga frå Fylkesmannen. Regionrådet har prioritert lokale/interkommunale tiltak for utvikling av framtidsretta og gode omsorgstenester, samfunnstryggleik og beredskap og interkommunale samarbeidsprosjekt som kan førebu framtidig kommunesamanslåing.

Regionrådet har prioritert desse prosjekta:

Regionrådet har ei viktig rolle

Styret drøfta korleis regionrådet skal brukast i åra som kjem. Regionrådet vart etablert i 2010 og har hatt eit noko mindre arbeidsomfang dei siste åra. Styret er likevel samla om at regionrådet framleis har ei viktig rolle for dei tre kommunane i regionen. Dei siste åra har regionrådet prioritert mellom søknadene om skjønsmidlar før Fylkesmannen tek endeleg avgjerd. I drøftinga på styremøtet i dag vart det også understreka at det er behov for eit organ som dette uavhengig av førebuande fellesnemnd (kommunereforma). Regionrådet vert også rekna som ein viktig aktør og høyringsinstans regionalt. Framover vil styret i utgangspunktet leggja opp til fire styremøte i året.

Oppfølging av veteranar

Styret drøfta korleis kommunane kan sikra at soldatar som har delteke i utanlandsoperasjonar (veteranar) får det tilbodet dei har krav på. I regionen vår er det om lag 250 veteranar. Deltaking i utanlandsoperasjonar kan føra til at nokre får fysiske og psykiske skader. Styret ønskjer å samarbeida med Bergen kommune om oppfølging av veteranane og å gje dei den anerkjenninga dei fortener . Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy vil følgja opp dette og arbeida for at dei tre kommunane får på plass ein felles kontaktperson for arbeidet retta mot veteranane.

Møteplan

Møteplanen vart justert. Neste møte vert den 29. mai kl. 12.00 i Fjell. Styremøta hausten 2017 vert den 25. september (Fjell) og den 27. november (Sund).

Ymse

Under posten ymse drøfta styret beredskapen knytt til Sotrasambandet. Styret ber beredskapsleiaren i Fjell å kalla inn til eit felles møte der dette vert tema.

Styret drøfta kva rolle kommunane skal ta når det gjeld dei pågåande aksjonane for å samla inn boss (særleg plast) i strandsona. Miljødirektoratet vil i løpet av mars behandla søknadene om støtte til slik innsamling. Styret ønskjer å støtta opp om lokale søknader, og Sund kommune tek ansvar for å utarbeida eit utkast til felles uttale.

I november 2017 skal det spelast seks handballandskampar for kvinner i Sotra Arena. Ordførarane og kulturleiarane i regionen vert kalla inn til fellesmøte med Norges Håndballforbund for å førebu arrangementet.

Referatsaker

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) tilbyr regionråda gratis medlemskap i organisasjonen (der minst eín av kommunane allereie er medlem). Både Sund, Fjell og Øygarden har medlemskap i LNK, og styret meiner at det er tilstrekkeleg for å sikra god nynorskbruk i regionen.

Styret drøfta «Regional areal- og transportplan for bergensområdet/regional transportplan for Hordaland». Planen er ute til høyring i perioden 20. februar til 1. april 2017. Formålet med planen er å utvikla eit utbyggingsmønster som legg til rette for vekst i bustader og næringsareal innanfor berekraftige rammer knytt til kollektivtransport og effektivt vegtransport. Regionrådet er oppteken av at planen ikkje må koma i strid med det som går klart fram av intensjonsavtalen for ny kommune i regionen der det står at det skal arbeidast for å «vidareføra ein desentralisert busetnad med levande bygder». Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy tek kontakt med Askøy, Lindås og Os kommunar i tillegg til samanslåingskommunane i vest og Nordhordlandmed siktemål om å utarbeida forslag til felles uttale som tek i vare våre synspunkt på dette. Det er også aktuelt å innarbeida desse synspunkta i saksutgreiinga i den enkelte kommune når det skal gjevast uttale til planen.

Tekst og foto: Vigleik  Brekke

publisert 20.02.2017