Prioriterte mellom søknader om skjønsmidlar

Regionrådet vest prioriterte på møtet på måndag denne veka mellom fire søknader om skjønsmidlar frå Fylkesmannen for 2019. Totalt vert det søkt om 7,1 millionar kroner.

 

Lista nedanfor, i prioritert rekkjefølgje, viser kva det er søkt om kjønsmidlar til.

1  Rehabilitering først

Målet er å utvikla eit innovativt rehabiliteringstilbod på Øygarden lokalmedisinske senter knytt til døgn- og dagrehabilitering. Søknadssummen er fire millionar kroner.

2  Førebyggjande rustiltak for ungdom i Fjell, Sund og Øygarden

Målet med dette prosjektet er å styrkja og koordinera førebyggjande innsats og rustiltak for ungdom mellom 13 og 18 år i kommunane i Sund, Fjell og Øygarden. Søknadssummen er eín million kroner.

3  Samarbeidsarena for kompetanse og arbeidskraft

Dette prosjektet handlar mellom anna om fråfall i vidaregåande skule og å sjå framtidige kompetansebehov. Søknadssummen er 900 tusen kroner.

4  Digitalisering i omsorgstenesta

Målet med prosjektet er å skapa ein vinn-vinn-situasjon for både innbyggjarane og kommune/heimetenestene. Søknadssummen er 1,2 millionar kroner.

Grunngjeving for prioriteringa

Regionrådet har plassert «Rehabilitering først» øvst på lista over prioriteringar. Dette vert grunngjeve med at dette er eit nybrottsarbeid i eit komplekst felt i endring og utvikling. Målet med prosjektet er å utvikla eit innovativt rehabiliteringstilbod på Øygarden lokalmedisinske senter.

Førebyggjande rustiltak for ungdom i Fjell, Sund og Øygarden kommunar er også viktig for regionrådet og vert prioritert som nummer to. Det er registrert auka bruk av rus for ungdomsgruppa. Målet er å styrkja og koordinera førebyggjande innsats blant ungdom mellom 13 og 18 år i dei tre kommunane.

Søknaden om samarbeidsarena for kompetanse og arbeidskraft er prioritert som nr. tre på lista. Regionrådet meiner det er viktig å ha fokus på mellom anna å leggja til rette for samarbeid mellom aktørar som må bidra til å dekkja ulike kompetansebehov som oppstår i framtida.

I denne tildelingsrunden skal Fylkesmannen fordela 27,6 millionar kroner til prosjektskjøn og generell fordeling. Som tidlegare år ber Fylkesmannen om at regionråda prioriterer og grunngjev prioriteringane. Nytt av året er at også KS Hordaland skal ha same rolle som regionrådet og senda inn prioriteringane sine til Fylkesmannen.

Referatsaker

Regionrådet drøfta utkastet til årsmelding for 2018. Årsmeldinga vert supplert med nokre moment knytt til den framtidige rolla til rådet. Etter redigering vert utkastet til årsmelding sendt til regionrådsmedlemene for godkjenning.

Leiar av regionrådet, Kari-Anne Landro, refererte frå eit møte arbeidsutvalet for fellesnemnda for nye Vestland fylke hadde i Bergen den 4. februar.

Leiar av regionrådet, Kari-Anne Landro, og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, reiser på erfaringsseminar i Førde den 15. februar. Temaet på seminaret er grunnlaget for utvikling av regionråda. Den framtidige rolla til Regionrådet Vest vart drøfta på møtet på måndag. Landro og Haugetun tek med seg innspela til samlinga i Førde.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 12.02.2019