Prioriterer samarbeidsprosjekt

Styret i Regionrådet Vest drøfta i dag korleis skjønsmidlane til fornyings- og utviklingsprosjekt i regionen bør fordelast.

Frå styremøtet i dag.

I 2013 løyvde Fylkesmannen 17,8 millionar kroner til slike prosjekt i Hordaland. Etter tilslutnad hjå regionrådstyra, har Fylkesmannen konkludert med at søknadsprosessen vert endra slik at regionråda får ei koordinerande rolle. Fylkesmannen skal framleis vera ansvarleg for sjølve tildelinga, men tildelinga vil i stor grad byggja på prioriteringane frå regionråda.
På møtet i dag gjorde tok ikkje styret stilling til kvar einskild søknad som låg på bordet i dag eller som det er planar om å få sendt inn til søknadsfristen går ut 6. juni. Styret samla seg om eit prinsipp om å prioritera høgast dei søknadene som gjeld alle dei fire kommunane i region vest; Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Deretter ønskjer styret å prioritera tiltak som involverer tre av kommunane, to kommunar og til sist eín av kommunane i regionen. Det er altså Fylkesmannen som tek endeleg stilling til søknadene.
På bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i kommuneproposisjonen i sist veke, vedtok styret at det skal sendast inn søknad om skjønsmidlar knytt til framtidig kommunal organisering. Midlane skal gå til kunnskapsinnhenting og kompetanseheving om dette temaet.

Orienteringar

På møtet i dag vart det gjeve fire orienteringar om tiltak og prosjekt i region vest.
Forprosjekt om interkommunalt bustadsamarbeid innan psykisk helse
Leiar for psykiatritenesta i Askøy kommune, Ine Sture, orienterte om bustadsamarbeidet innan psykisk helse for dei fire kommunane i regionen. Det er eit stort behov for bustad til menneske med alvorleg og samansett psykisk sjukdom. Det er eit samla behov på mellom åtte og 15 omsorgsbustader i dei fire kommunane.

Ina Sture

I dette halvannalinjetilbodet er det forslag om å etablera to einingar med seks bebuarar i kvar og eigen overnattingsstad for tilsette. Førebels skisse viser behov for ein stab på 23 årsverk. Driftsutgiftene pr. brukar varierer frå eín til fem millionar kroner. Prosjektet må politisk forankrast til regionrådet, kommunestyra og Helse Bergen.
Rapport frå IKT-rådet
Kommunalsjef/assisterande rådmann i Askøy kommune, Marit Rinnan, gav statusrapport for IKT-rådet og framlegg til reivdert handlingsplan. Rådet har så langt hatt to møte, og det er forslag om å endra handlingsplanen på nokre punkt. Prioriterte satsingsområde er tenestesamarbeid, stordrift og synergi, digitalisering og ny teknologi. Mellom prioriterte punkt i handlingsplanen er publisering av felles informasjon og eventuell felles portal for kart, oppmåling og byggjesaker og løysing for felles journal for «JordmorHeim»-tenester i Sund, Fjell og Øygarden.
Føreslår felles landsbrukskontor
I samband med orienteringa om regionalt samarbeid om arealdisponering av næringsareal og strandsone, opplyste prosjektleiar Gerhard Inge Storebø, at det vert fremja forslag om å etablera felles landbrukskontor for dei fire kommunane i regionen. Det er forslag om å lokalisera kontoret i Fjell og at Fjell kommune vert vertskommune. Saka vert fremja for politisk behandling i kommunane like over sommarferien.
Den 24. juni er det planlagt eit ope møte knytt til «Regional plan for areal og
transport i bergensregionen der næringsareal vert eit tema. Ei aktuell målgruppe
for deltaking på møtet er dei politikarane som skal vera med i referansegruppa
knytt til næringsarel.
Den 24. juni er det invitert til temamøte med «næringsarealutvikling» som tema. Det vert oppmoda om at region vest vert godt representert på dette møtet. Om kort tid vil regionrådet få presentert ei evaluering av prosjektet «Betre saman for barna».
Felles Ansvar
Åsta Årøen orienterte om det kriminalitertsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar. Årsmøtet er utsett til 6. juni. Sjølv om prosjektperioden for tiltaket Felles Ansvar gjekk ut ved årsskiftet 2013/2014 og ikkje har tilsette, har foreininga halde fram arbeidet ved å følgja opp eksisterande tiltak.
Felles Ansvar er eit kriminalitetsførebyggjande tiltak som er koordinert gjennom Regionrådet Vest der fleire frivillige organisasjonar, politi, næringslivet og dei fire samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har gått saman om rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom.
Ymse og eventuelt
Leiar i styret for Regionrådet Vest, Fjell-ordførar Eli Årdal Berland, tok opp spørsmålet om korleis kommunane og regionen skal forholda seg til ulike regionale planar. Styret vil koma tilbake til dette etter at det vert laga til eit oversyn over dei ulike regionale planane.
Under eventuelt var det også ei uformell drøfting av regjeringa sine signal om ny kommunestruktur i kommuneproposisjonen som var presentert i sist veke.
Berit Vik, Fjell kommune, skal representera regonrådet i arbeidet med prosjekt kulturminneplan i kommunane.
Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.05.2014