Presenterte ROS-analyse arbeid

Fem kystkommunar i region vest presenterte i går status for arbeidet med ein felles ROS-analyse (Risiko- og sårbarheitsanalyse) for kommunane Askøy, Austevoll, Fjell, Sund og Øygarden. Dette skjedde på Fylkesmannen si beredskapsfagsamling på Voss.

John Levi Weløy

Det var brannsjef i Austevoll, John Levi Weløy som på vegner av dei fem kommunane presenterte ROS-analysearbeidet for 100 deltakarar på fagseminaret. Fylkesmannen har gjeve klare signal om at det er ønskjeleg med samarbeid om ROS-analyse på tvers av kommunegrensene.

– Initiativet til ein felles ROS-analyse vart teke i Regionrådet Vest. Målet er at dei fire kommunane kan leggja fram ein felles ROS-analyse hausten 2013, sa Weløy. I dei fem kommunane er det mange felles problemstillingar knytt til beredskap, men det er også nokre tema som er særskilte for ein eller fleire av dei samarbeidande kommunane.

Ei prosjektgruppe samansett av representantar frå dei fem kommunane skal følgja opp arbeidet med felles ROS-analyse. Det er i tillegg sett ned tre arbeidsgrupper med ulike tema. Arbeidet byggjer i stor grad på FylkesROS Hordaland 2009.

På den to dagar lange konferansen på Voss er ROS-analyse eit sentralt tema. Det vart presisert at ROS-analaysen også skal omfatta framtidige sårbarheimsfaktorar i kommunane. Fylkesberedskapssjef Arve Meidell sa at det er dei store hendingane som er ei beredskapsmessig utfordring.

Beredskapspris til Lindås kommune

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut Beredskapsprisen 2012 Hordaland til Lindås kommune, Kommunen får prisen for sitt vellukka arbeid med ROS-analyse. I grunngjevinga vart det mellom anna vist til at Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsrbeidet i Lindås kommune. Kommunen fekk ingen avvik og heller ingen merknader.

Frå venstre Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, fylkesmann Lars Sponheim og fylkesberedskapssjef Arve Meidell.

– Eg takkar for at kommunen sitt arbeid med dette er sett og verdsett. Arbeidet er gjort av utruleg mange med fagkunnskap i organisasjonen, sa ordførar Astrid Aarhus Byrknes då ho tok imot prisen på vegner av Lindås kommune. I ROS-analysearbeidet i Lindås vart det lagt stor vekt på politisk forankring.

Tre personar fekk Eldsjelprisen 2012. Dei som fekk prisen var Oddvar Kvalnes (Voss), Gjert Holtan (Lindås) og Trygve Hillestad.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 13.11.2012