Presenterer rapport om næringsareal

På møtet i Regionrådet Vest komande måndag (23. januar) vert ein rapport om næringsareal i bergensregionen presentert. Det er Business Region Bergen (BRB) som har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis regionen kan imøtekoma eit forventa behov på 10 – 15 tusen dekar nye næringsareal dei neste 20 åra.

Fjell kommune er vertskap for møtet denne gongen

Møtet i styret for regionrådet denne gongen vert i Fjell rådhus. Dette er det første møtet etter det konstituerande møtet i regionrådet i november. Ny leiar for Regionrådet Vest er Sund-ordførar Ove Trellevik. Dermed har også Sund overteke sekretariatsfunksjonen etter at Øygarden kommune har hatt dette i 2010 og 2011.

På møtet på måndag vert det også ein presentasjon av eit forprosjekt Sambandet Vest har utarbeidd for eit tverrsamband mellom Øygarden, Askøy, Meland, Radøy, Austrheim og Lindås. Andre saker i regionstyremøtet er førebuing til Tinget i Vest, felles bygningsvernkonsulent, styrerepresentasjon og evt. endring av den økonomiske delingsnøkkelen i vedtekene.

publisert 18.01.2012