Presenterer årsmelding for Gode Sirklar AS

Næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar AS legg no fram årsmeldinga for 2014. 2015-06-29_16h14_53 Selskapet, som er eigd av Sund, Fjell og Øygarden kommunar, driv nærings- og samfunnsutvikling gjennom prosjektverksemd i dei tre kommunane. Selskapet har ingen tilsette, men vert tilført personressursar gjennom ein avtale med Sintef.   I fjor vart rekneskapen gjort opp med eit underskot på 340 tusen kroner (minus 799 tusen kroner i 2013). Eigenkapitalen er på minus 11,5 millionar kroner, og dermed er heile aksjekapitalen tapt. I årsmeldinga skriv styret at så lenge den negative eigenkapitalen er innanfor ramma av det kommunane har meldt at dei vil styrkja eigenkapitalen med, er risikoen til eigenkapitalen rekna å vera minimal. Satsingsområde i 2014 var etablerarteneste, nettverksprosjekt innanfor ulike næringar, utdanning, helse og omsorg og reiseliv.

Les heile årsmeldinga her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 01.07.2015