Politikarar for framtida

I dag har 40 ungdomar frå Ungdommens kommunestyre og ungdomsråda i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden vore samla i rådhuset i Fjell for opplæring. Mange av desse ungdomane vil nok seinare sitja i andre ulike politiske posisjonar seinare.

Ulike tema vart drøfta i grupper. Frå venstre: Espen Hansmark Persen (Askøy), Maria Eilertsen (Askøy) og Bjørnar Blom (Øygarden).

– Det var flinke forelesarar her og vi fekk snakka om sentrale og vanskelege tema. Vi fekk også høve til å snakka med ungdomspolitikarar frå dei andre kommunane, seier Maria Eilertsen frå Askøy. Espen Hansmark Persen, også frå Askøy, seier at på denne samlinga fekk ein sjekka ut kor lagt UKS Askøy har kome i forhold til dei andre kommunane når det gjeld møteaktivitet og kor mykje pengar UKS har til disposisjon. 

På opplæringsdagen snakka ordførar Eli Årdal Berland om lokaldemokrati og korleis det vert avgjort kven som skal ha den politiske styringa i kommunen etter kommunevalet. Ho forklarte korleis den politiske organiseringa av Fjell kommune er bygd opp.

Ungdom kan påverka

Leiar av politisk sekretariat Grethe Bergsvik hadde foredrag om møteteknikk, møtereglar og skikk og bruk under møta. Ho minna om at det er møteleiar som er «sjef» og som skal sikra god møtekultur og framdrift. Viktige stikkord for skikk og bruk i møta er språkbruk, respekt, skilja mellom sak og person, presist frammøte og ro i møterommet.

Leiar av komité for plan og utvikling i Fjell, Jan Arthur Nilssen, hadde «Samfunnsutvikling, ungdomsmedverknad og korleis jobba for å fremja saker» som sitt tema. Han viste til korleis ein kan arbeida fram saker frå idé til realitet. Nilsen synte også til korleis ein med aktiv lobbyverksemd kan påverka samfunnsutviklinga via media, politikarar og byråkrati. 

Det var også stort engasjement under temaet «Møte med media». Ungdomspolitikarane vart utfordra til å seia si meining om korleis media dekte 22. juli og dagane som følgde. Mange av deltakarane hadde fleire kritiske kommentarar og merknader til korleis media handterte den dramatiske hendinga på Utøya.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.11.2011