Planar om lokalmedisinsk senter tek form

Styret i Regionrådet Vest skal på møtet i Fjell komande måndag få ein presentasjon om planane om nytt lokalmedisinsk senter (LMS) på Straume i Fjell.  

Senteret er planlagt plassert mellom Straume terapisenter og Øyane DPS i helseområdet på Straume.

Plan- og byggjeprosessen for senteret er organisert etter vertskommunemodellen der Fjell er vertskommune og dermed byggherre og låntakar for senteret. Prosjektet er planlagt realisert i samarbeid med Helse Bergen og nabokommunane i region vest (Askøy, Sund og Øygarden) og leia av ei prosjektgruppe. 

Førebels skisse viser at senteret vert på om lag åtte tusen kvadratmeter (bruttoareal) fordelt på fire etasjar. I tillegg kjem mellom anna parkeringsplassar og kjellar. Det er venta at eit skisseprosjekt frå arkitekten er på plass i november 2013. Då vil det liggja føre sannsynleg investeringskostnad og årleg driftskostnad. 

Det er venta at det samla investeringstilskotet frå Husbanken til det lokalmedisinske senteret vil utgjera om lag 50 millionar. Utover tilskot frå Husbanken og momskompensasjon, er senteret tenkt finansiert med låneopptak og eigenkapital. Fjell kommune vil som vertskommune både ta opp lån og stilla med 100 millionar kroner i eigenkapital. Eigenkapitalen er knytt opp til sal av ei tomt på Ågotnes. 

Andre saker og orienteringar på styremøtet

• Framtidig transportkorridorar/Tinget i vest
Det vert lagt opp til å arrangera eit møte/seminar med aktuelle representantar frå næringslivet for å klargjera behov og framtidige transportkorridorar. Det er føreslått at dette vert gjort i Tinget i vest 14. oktober. Tinget i vest er samansett av formannskapa i dei fire samarbeidskommunane. 

• Presentasjon av den nye administrerande direktøren i Business Region Bergen, Ole Hope.
• Referat frå IKKUS (Interkommunalt kultursamarbeid)
 
  Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 10.09.2013