Pasient nummer 1000 på Intermediær avdeling

Askøyværingen Peggy Ann Fluge fekk den store æra av å vera pasient nummer 1000 på Intermediær avdeling på Straume. I dag vart det markert med kake, kaffi og kos.

Frå venstre; Eli Årdal Berland, Peggy Ann Fluge og Anne Grete Hareide.

Frå venstre; Eli Årdal Berland, Peggy Ann Fluge og Anne Grete Hareide.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Eg kom frå Kysthospitalet Hagavik i går, og i dag har eg allereie vore hjå fysioterapeut, sa Fluge før ho sette seg til bords til kake og kaffi saman med ordførar Eli Årdal Berland, Anne Grete Hareide frå Sund, Ingebjørg Halstensen frå Helse Bergen og 15 andre sjefar, leiararar og tilsette på avdelinga.

– Eg fekk operert ei utsliten hofte på måndag. Eg har fått lovnad om at eg får koma heim på måndag. Då får eg feira jul heime og ta imot dotter mi med familie som kjem frå London, seier Fluge.

– Har du prøvd terapibassenget?

– Nei, det er visst litt for tidleg, seier Peggy Ann. Lege Erhard Lohse skyt inn og stadfestar at det er for tidleg å hoppa i bassenget etter fire dagar. Men det er aktuelt seinare.

Også den første pasienten på Intermediær avdeling kom frå Askøy. Tilbodet starta opp i februar 2010 og har vore eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Frå nyttår av er det dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden som saman med helseføretaket vidarefører dette samhandlingstiltaket.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 19.12.2014