Øygarden kommune

Rong sentrum

Øygarden kommune ligg berre 40 minuttar i køyretid nordvest for Bergen. Folketalet er no i overkant av 4 200. Øygarden er ein vekstkommune. Arealet er på 64,2 km2. Det er eit ope kystlandskap med storhavet i vest, Hjeltefjorden og fjella mot aust. Kommunesenteret ligg på Rong. Kommunen er vertskommune for ilandføring av olje og gass.

Øygarden marknadsfører seg under omgrepet ”Brubyggjaren”. Kommunen vil vera ein brubyggjar m.a. mellom innbyggjarar og kommune, mellom næringsliv og kommune og i regionen.

Kollsnes, Naturgassparken Vest

Kommunen vart landfast på slutten av 80-talet. Etter det har folketalet vakse sterkt. Dette har ført til at kommunen har satsa tungt på utbygging av kommunal infrastruktur. I Øygarden er det 1 ungdomsskule, 5 barneskular og kulturskule. Det er full barnehagedekning. Kommunen har eit moderne omsorgssenter for pleietrengande, dagsenter og omsorgsbustader. Øygarden har eigen legevaktordning og eige brann- og redningsvesen. Øygarden er ein MOT-kommune, med MOT i lokalsamfunnet.

Rong vert bygd ut som sentrumsområde i kommunen, her finn ein òg kommunale fellesanlegg som t.d. rådhuset.

Øygarden er vertskommune for store olje- og gassanlegg. Olja vert skipa ut med båt og gassen går til Europa i røyr. Oppdrettsnæringa er òg stor i Øygarden. Dette kjem mellom anna til syne gjennom etableringa av Øygarden Visningssenter for laks og aure som er knytt opp mot Kystmuseet i Ovågen.

Mot Toftevika og Rongesundet bru

Toftevika og Rongesundet

Før var primærnæringane viktige. Desse næringane kjem no i skuggen av ei industriell utvikling.
Øygarden er ein del av Region Vest som inkluderer nabokommunane Askøy, Fjell og Sund, med vekst i folketal og sysselsetting. Mange som bur i Øygarden har sitt arbeid i desse kommunane og i Bergen.

Kommunen satsar på å utvikla reiseliv som næring. Det vakre kystlandskapet innbyr til opplevingar av ulikt slag. Saman med kommunane Fjell og Sund vert denne næringa utvikla under merkevarenamnet ”Kysteventyret”.

Øygarden har hamneanlegg og store næringsareal tilgjengeleg. Vegnettet er godt utbygd. I Naturgassparken Vest kan ein få gass levert på døra. Her har òg selskapet CCB Kollsnes AS etablert seg for å utvikla ein vindkraftbase retta mot offshore vindkraft.


Aktiv fritid

Skogsøy, ØygardenDet er eit variert fritidstilbod i Øygarden. I tillegg til Kulturskulen har me idrettslag, ulike slag foreiningar, nærmiljøutval, symjebasseng, terapibasseng, fotballbaner m.m.
Den flotte naturen innbyr til fotturar i tilrettelagde turløyper. Badeplassar kan me òg tilby.

Gjennom prosjektet ”Perler i Nordsjøløypa” vert det arbeidd med å gjera kulturopplevingar økonomisk berekraftige.

For meir detaljert informasjon sjå kommunen si heimeside: www.oygarden.kommune.no