Ove Trellevik ny styreleiar i regionrådet

Ordførar i Sund, Ove Trellevik, er valt til ny leiar av Regionrådet Vest. Han avløyser Olav Martin Vik (ordførar i Øygarden 2007-2011) som har leia styret sidan 2010. Då styret for regionrådet konstituerte seg i dag, vart Fjell-ordførar Eli Årdal Berland valt som nestleiar.

Nyvald styreleiar Ove Trellevik takkar Olav Martin Vik for godt utført leiarverv

Formelt skal Sund kommune også ha sekretariatsfunksjonen. Styret ønskjer at denne funksjonen framleis vert utført av sekretær Per Edvard Hillestad (Askøy kommune).

  

Nyvald styreleiar Ove Trellevik gav ros til Olav Martin Vik for å ha gjort ein god jobb for regionen.

 

  Du har gjort ein kjempejobb og teke til orde for heile regionen når du har representert regionrådet. Det er store sko å gå i etter deg, sa Trellevik.  

Strategisk næringsplan

Styret slutta seg til tilrådingane i ein rapport om arbeidet med oppfølging av Strategisk næringsplan (SND) for bergensregionen. Ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe vert bedne om å følgja opp dei einskilde vedtaka. Styret ber også om å få tilbake ei eiga sak om praksisnær undervisning.  

Viktige tiltak som vert følgt opp er:- Transport og kommunikasjon
– Kystbyen som regional pilot
– Kompetansesenter for drift og vedlikehald
– Marin næring i bergensområdet med utgangspunkt i den marine næringa   i Sund
– Praksisnær utdanning og rekruttering

Samarbeider om IKT

Regionrådet vedtok i august 2010 at det skulle etablerast eit forpliktande IKT-samarbheid i regionen mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øyagrden. Ein rapport har vore ute til høyring, og på møtet i går (21. november) vedtok styret å godkjenna forprosjektrapporten. Det skal vidare etablerast eit strategisk IKT-sdamarbeid og utarbeidast felles regionl-IKT-strategi for region vest i løpet av første halvår 2012.

Det er ikkje avklart om alle fire kommunane vert med i eit driftssamarbeid. Styret vedtok at rådmennene i dei fire kommunane skal utgreia etablering av eit driftssamarbeid og at saka vert lagt fram for politisk behandling i alle kommunane i løpet av første kvartal 2012. Lenkje til aktuelle dokument i denne saka.

 Regionrådet si rolle og tema på Tinget i Vest

Regionrådet har vore i funksjon i to år, og styret drøfta kva rolle Region Vest skal ha dei neste fire åra. Aktuelle tema på Tinget i Vest 13. februar 2012 er oppfølging av Strategisk næringsplan, samhandlingsreforma, samferdsle og innføring i oppgåvene til Regionrådet Vest.  

Sjølvbyggjarprosjekt

  

Styret for Regionrådet Vest. Frå venstre Otto Harkestad (ordførar i Øygarden, Siv Høgtun (ordførar i Askøy), Eli Årdal Berland (ordførar i Fjell) og Ove Trellevik (ordførar i Sund).

Styret i regionrådet slutta seg til framdrift i ei sak om sjølvbyggjarprosjekt. Dette prosjektet har hatt som målsetjing å starta opp sjølvbyggjarprosjekt etter modell frå Meland kommune. Endringar i lovverk, finansieringsordning o.a. gjer det nødvendig å finna alternative modell. Det er aktuelt at Trigger AS driv prosjektet, medan Øygarden kommune skal utarbeida eit forprosjekt. Det vert lagt opp til å ta ein studietur til Haugesund der ein aktuell modell er prøvd ut.   

Andre saker

Styret godkjende framlegg til møteplan. I tillegg til Tinget i Vest i februar, vert det tingsete 17. september. Styret ba om at det vert laga ei prosjekt knytt til strandsone.

Regionrådet skal i ein felles uttale fråsegn samanfatta dei fire kommunane sine fråsegn til konseptutvalutgreiing (KVU) for transportsystemet i bergensområdet.

  

Tekst og foto: Vigleik Brekke

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

publisert 22.11.2011