Oppstartsmøte for felles næringsarealplan

Arbeidet med felles næringsarealplan for Askøy, Fjell, Sund og Øygarden kan gjennomførast uavhengig av kommunereformarbeidet.

Vidar Totland i BRB i samgale med ordførar i Øygarden, Otto Harkestad (i midten) og kommunestyrepolitikar i Øygarden, Ottar Vik.

Vidar Totland i BRB i samtale med ordførar i Øygarden, Otto Harkestad (i midten) og kommunestyrepolitikar i Øygarden, Ottar Vik.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På oppstartsmøtet i Fjell rådhus i dag konkluderte ordførarane både i Fjell, Sund og Øygarden med at dette arbeidet må gå sin gang uavhengig av kommunereformarbeidet. Både Sund-ordførar Kari-Anne Landro og ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, viste til at dei fire kommunane i regionen har felles bu- og arbeidsmarknad/areal.

 

– Kommunestrukturen lever sitt eige liv, sa Otto Harkestad og oppmoda aktørane til å samarbeida på tvers av kommunegrensene.

Utarbeider planprogram

Gerhard Inge Storebø

Gerhard Inge Storebø

Prosjektleiar Gerhard Inge Storebø orienterte om arbeidet med ein felles kommunedelplan for næringsareal i dei fire kommunane i region vest. Fylkesmannen har løyvd skjønsmidlar til planarbeidet slik at det er fullfinansiert. Det er oppretta ei politisk referansegruppe med to politiske representantar frå kvar kommune.

– Det vert utarbeidd eit planprogram for å få klarlagt korleis oppgåvene med felles næringsplan skal løysast. Planprogrammet bør forankrast godt, og det bør presenterast for kommunestyra før det vert sendt ut på høyring, sa Storebø. Dei som kommenterte dette i samtalen i etterkant støtta forslaget om å senda planprogrammet til kommunestyra før høyring.

På oppstartsmøtet i dag orienterte ordførar i Fusa, Hans S. Vindenes, om samarbeidet om næringsplanarbeidet i bjørnefjordsregionen. Prosjektleiar i fylkeskommunen sitt planarbeid, Hans Christian Engum, gav status for planarbeidet med regional areal- og transportplan for bergensområdet. Vidar Totland i Business Region Bergen orienterte om revidering av strategisk næringsplan for bergensregionen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 06.11.2014