Oppstart av tverrsamband i 2020?

– Dersom alt går på skinner, kan arbeidet med eit tverrsamband mellom Øygarden/Askøy og Nordhordland starta opp i 2020. Vi håpar at prosjektet vert omtalt i regional transportpakke (RTP) som vert lagt fram av fylkeskommunen i mars, seier styreleiar i Sambandet Vest AS, Meland-ordførar Nils Marton Aadland.

Frå venstre Kjell Kristensen, Helge Hopen, Nils Marton Aadland og Bård Sandal

Forprosjektet, utarbeidd av trafikkplanleggjar Helge Hopen, vart presentert for media i dag. Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 1,7 milliardar kroner og strekkjer seg over om lag 17 kilometer frå Herdla med undersjøiske tunnelar mellom Askøy og Meland og Meland og Radøy. I tillegg kjem ferjesamband mellom Askøy og Øygarden. Saman med seg hadde Aadland og Hopen dagleg leiar i Sambandet Vest AS, Bård Sandal, og Kjell Kristensen som representerer Askøy kommune i styret for Sambandet Vest AS.

Konkurrerer ikkje med andre vegprosjekt

Aadland understrekar at dette prosjektet ikkje konkurrerer med andre viktige samferdsleprosjekt i regionen.

– Sambandet Vest vert realisert etter prosjekt som Nordhordlandspakken, Askøypakken og Sotrasambandet og konkurrerer ikkje med desse prosjekta. Men vi kan ikkje venta med planlegginga av dette prosjekta til dei andre vegprosjekta er ferdige, seier Aadland.

Målet for Sambandet Vest AS er å realisera tverrsamband mellom kommunane Øygarden, Askøy, Meland og Radøy for å binda saman olje- og gassdestinasjonane Kollsnes og Mongstad. Vidare er målet å sikra god transportkapasitet nord/sør på Askøy gjennom riksveg 562 mellom tverrsambandet og nytt Sotrasamband

Viktig for lokalt næringsliv og befolkningsutvikling

Ifølgje Helge Hopen syner trafikkanalysen at trafikkmengda vil liggja på mellom to og tre tusen ÅDT (år 2040). Det er registrert etter måten lite behov for ferje mellom Askøy og Øygarden. Tala syner eit behov på 200 ÅDT på ferjestrekninga.

– Den viktigaste effekten av dette sambandet vert betre rammevilkår for ei langsiktig utvikling av lokalt næringsliv og befolkningsutvikling. Sambandet vil redusera trafikkbelastninga mot Bergen. Her er tala usikre, og effekten vert ikkje rekna til å vera stor i normalsituasjonen. I ein krisesituasjon med stengte trafikkårer sentral rundt og i Bergen, vil dette tverrsambandet verta ein viktig alternativ omkjøringsveg, seier Helge Hopen.

Oversiktskart

Bompengar vert ein viktig del av finansieringa av Sambandet Vest. Eigenfinansieringa er førebels rekna til 400 millionar kroner innanfor ein bompengeperiode på 15 år. Ferjesambandet mellom Askøy og Øygarden er avhengig av eit driftstilskot på sju millionar kroner i året.

– Vi arbeider for mest mogleg offentleg tilskot til prosjektet. Dette prosjektet kan også verta ein del av ein større finansieringspakke. Det er også aktuelt å finansiera delar av tverrsambandet med tilskot frå næringslivet, seier Nils Marton Aadland.

Sambandet Vest vart stifta i 2010 og har følgjande aksjonærar og eigarar: Austrheim kommune, Bergen kommune, Fjell kommune, Lindås kommune, Meland kommune, Øygarden kommune, Sund kommune, Radøy kommune og Askøy kommune. I tillegg er Frank Mohn AS, Framo Engineering AS og BKK aksjonærar i selskapet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 20.02.2012