Opning av Øyane DPS

– Eg vonar at dette vert eit kraftsenter for psykisk helsearbeid i region vest. Dette bygget er vorte flottare og meir funksjonelt enn det vi kunne håpa på.

 

Fjell-ordførar Eli Årdal Berland og styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland,

Det sa styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, då ho i dag stod for den offisielle opninga av Øyane distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) på Straume i Fjell. Bygget er på 3900 kvadratmeter og har kosta 108 millionar kroner, eksklusiv tomt. Fjell kommune står som byggherre, medan Helse Bergen er leigetakar.  Senteret gjev tilbod til vaksne menneske over 18 år med psykiske lidingar i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.  

Ein heilt ny kvardag

 

For klinikkdirektør Raymond Eeg Follesø var dette ein stor dag.

– Eg er heilt overvelda. For både pasientane og dei tilsette vert dette ein heilt ny kvardag. Tidlegare var sengepostane for Øyane DPS knytt til Knappentunet, men no får vi samla alt her på Straume, seier Eeg Follesø.

Ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, var stolt over bygget som allereie er teke i bruk.

 

– No får vi verkeleg sjå kva vi har bygd. Dette er resultatet av eit unikt samarbeid med Helse Bergen. Sjølv om Fjell kommune er byggherre, er dette eit fellesprosjekt som omfattar brukarar i heile region vest, Årdal Berland.

Øyane DPS har fått smakfulle opphaldsrom med tilgang til veranda

Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, sa at vi lever i eit tid som føreset at vi samarbeider betre. Han takka Fjell kommune som tok utfordringa med dette prosjektet. Leiar i Regionrådet Vest, Olav Martin Vik, sa at det er positivt at Helse Bergen desentraliserer spesialisttenester.

– Det er mykje god helse i gode fysiske forhold. Det er også viktig at vi samarbeider godt om arbeidskrafta med til dømes bruk av hospitantordningar, sa Vik.

Tilbodet på Øyane DPS omfattar tre polikliniske seksjonar og to døgnavdelingar med totalt 20 senger. I tillegg til Øyande DPS, har psykiatrisk team flytta inn i det nye bygget som er lokalisert i helseområdet på Straume. Bygget vart formelt overlevert til Helse Bergen 17. juni. Rundt første oktober er det venta at heile bygget er teke i bruk.

 

 Tekst/foto: Vigleik Brekke

publisert 29.08.2011