Om Regionrådet Vest

Regionrådet Vest er eit rådgjevande og koordinerande organ for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Regionrådet skal fremja forpliktande samarbeid mellom kommunane og vidareutvikling av regionen.

Dei fire kommunane i vest har geografisk nærleik til kvarandre og representerer ein region med eit rikt mangfald, stor vekst og eit variert næringsliv med styrke og kompetanse på inrustri, energi og marin næring. Kommunane har ei rekkje felles oppgåver og utfordringar i tida som ligg framfor.

Styret i Regionrådet Vest er samansett slik:

  • Styreleiar Ove Trellevik, ordførar i Sund
  • Styremedlem Siv Høgtun, ordførar i Askøy
  • Styremedlem Eli Årdal Berland, ordførar i Fjell
  • Styremedlem Otto Harkestad, ordførar i Øygarden

Rådmennene i dei fire kommunane har tale- og møterett:

  • Torgeir Sæther, Øygarden
  • Odd Magne Utkilen, Askøy
  • Steinar Nesse, Fjell
  • Gerhard Inge Storebø, Sund

Per Hillestad (Askøy) er sekretær for styret.

Vedtekter for Regionrådet Vest

I vedtektene går det fram at Regionrådet Vest skal vera eit rådgjevande og koordinerande organ for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Regionrådet skal fremja forpliktande samarbeid mellom kommunane og utvikling i regionen.

Her kan du lesa vedtektene for Regionrådet Vest

Arbeidsoppgåver

Regionrådet Vest har utarbeidd retningslinjer for arbeidet i regionrådet. Prioriterte arbeidsfelt er utvikling av regionen, næring og organisering av tenesteapparatet.

Her kan du lesa retningsgjevande arbeid for Regionrådet Vest