Oktoberseminar om psykisk helse for barn og unge

22. og 23. oktober var det igjen samling på Solstrand for fagfolk frå kommunane Askøy, Sund, Øygarden og Fjell og frå Helse Bergen.

Caroline White

Hovudattraksjonen var denne gongen henta frå Manchester, der Caroline White i 15 år har jobba med programmet The Incredible Years, som i Noreg er kjent som Dei Utrulege Åra.

 Caroline var eit fyrverkeri av ein foredragshaldar som engasjerte og utfordra forsamlinga. Hennar foredrag vart supplert av Siri Gammelsvik og Bjørn Brunborg, som er to av leiarane for den norske implementeringa og representantar frå barnehagefeltet i Fjell og Øygarden.

Professor Willy-Tore Mørch frå universitetet i Tromsø er fagleg ansvarleg for Dei Utrulege Åra i Noreg. Men han har også sete i

Willy-Tore Mørch

ulike offentlege utval, mellom anna det såkalla Raundalen-utvalet som har skrive NOU 2012-5 «Bedre beskyttelse av barns utvikling – om det biologiske prinsipp i barnehage». På slutten av dag eín på seminaret oppsummerte Mørch faggrunnlaget for Raundalen-utvalet og deira forslag, samt dei lovendringane som no er vedtatte av stortinget som ei oppfølging av denne rapporten.

Dag to på årets oktoberseminar besto av mange kortfatta presentasjonar frå arbeid i dei fire kommunane og ved BUP Øyane. Presentasjonane viste at det vert arbeidd veldig godt i vår region. Det er god samanheng mellom dei ulike tiltaka og på mange område er regionen spydspiss for utvikling og implementering av tiltak på det psykisk helsefeltet i Noreg.

Deltakarane på Oktoberseminaret er fagfolk frå Helse Bergen og kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Deltakarar frå Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øyagrden var samla på Solstrand denne veka.

Tekst: Jogeir Sognnæs

publisert 25.10.2013