Offisiell opning av nytt lensmannskontor

I dag inviterte Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt politirådet og andre gjester til det nye Sotra og Øygarden lensmannskontor på Skjenet 4 på Straume.

Medarbeidar Tobjørn Mørk viser fram eitt av kontora.

Medarbeidar Tobjørn Mørk viser fram eitt av kontora.

Fram til no har lensmannskontoret halde til like ved Sartor Storsenter på Straume i nokså tronge lokale. No kan dei 30 tilsette på kontoret boltra seg på 1 200 kvadratmeter i tillegg til ny garasje på 200 kvadratmeter.

– Vi måtte få samla politirådet for å få skryta litt over vårt nye bygg. Vi er svært gode nøgde med dei nye lokala, sa Helge Stave før det vart servert snittar, kake og kaffi.

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, overrekkjer blomar til Helge Stave. Det var også helsing frå Sund kommune ved ordførar Kari-Anne Landro og Fjell kommune.

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, overrekkjer blomar til Helge Stave. Det var også helsing frå Sund kommune ved ordførar Kari-Anne Landro og Fjell kommune.

Helge Stave som har vore lensmann for dette distriktet dei siste åra, skal no ta fatt på ny oppgåva. No handlar det for Stave sin del om å vera prosjektleiar for det nye politidistriktet. Odd Dale, som har vore lensmann for dette distriktet tidlegare, tek over etter Stave.

Etter markeringa i lunsjrommet kunne leiinga på lensmannskontoret visa fram dei nye lokala som er godt tilpassa framtidige behov for å kunna utøva ei god polititeneste.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.01.2016