Offisiell opning av Lindrande eining

Fredag 26. september vart Lindrande eining offisielt opna. Dette er ei avdeling ved Kleppestø sykehjem som vert drive i fellesskap mellom kommunane i Regionrådet Vest. Avdelinga er eit prosjekt i samarbeid mellom Askøy, Fjell, Sund, Øygarden kommune og Kreftforeningen, Helse Bergen og Kompetansesenteret i lindrende behandling i Helseregion Vest.

Ordførar Siv Høgtun stod for den offisielle opninga av Lindrande eining

Rundt 30 personar hadde møtt fram til opninga, deriblant ordførarane i samarbeidskommunane og representantar frå Kreftforeningen og frå Helse Vest.

Siv Høgtun stod for opninga

Før ho klipte snora for å markere opninga, sa ordførar Siv Høgtun (Askøy) at ho var glad for at Helse Bergen og kommunane har vist så stort engasjement i å utvikla gode helsetilbod til innbyggjarane i skjeringspunktet mellom spesialist- og primærhelsetenesta. Dette er i samsvar med Stortingsmelding nr. 47 Samhandlingsreformen.

Ho gjekk vidare i talen med å peika på at ein har fått gode røynsler gjennom eit pilotprosjekt for etterbehandling av ortopediske og nevrologiske pasientar. Dette tilbodet er lagt til Fjell kommune. Neste steg i nybrottsarbeidet vart då å utvikla eit tilbod til pasientar med behov for lindrande behandling i sluttfasen av livet.

I første omgang skal Lindrande eining ha fire sengeplassar. Desse er plassert på ei avdeling med opp til seks andre kommunale sengeplassar. Dermed kan tilbodet utvidast dersom behovet aukar.

Utveksle erfaringar

Eininga skal også fungere som eit kompetansesenter for kommunane med vegleiing til fastlækjarar, sjukeheimar og heimesjukepleien. Med auka kompetanse i kommunehelsetenesta vil pasientar kunne få behandling og omsorg i eigen heim eller i den lokale sjukeheimen.

Tanken er at kun dei mest krevjande pasientane vil bli overført til Lindrande eining på Askøy.

Avdelingsleiar Britt Søilen orienterte om korleis eininga er organisert

Eit kompetansehevande tiltak som særskilt er omtala i rapporten er at kommunalt tilsette sjukepleiarar får høve til å hospitera ved eininga i inntil et år.

Etter dette nytta viseadministrerande direktør i Helse Vest, Anne Sissel Faugstad og ordførar Ove Trellevik høvet til å ønskja Kleppestø sykehjem lukke til med arbeidet og overrekte blomar og gåver til avdelinga.

Tekst og foto: Øyvind Haugland, Askøy kommune

publisert 29.10.2012