Nytt tingmøte i Sund

Regionrådet Vest inviterer til Tinget i Vest måndag 13. februar. Gjennomgåande tema for tingsetet er regionalt samarbeid.

Panorama Konferansehotell

Fylkesrådmann Paul Nilsen skal innleia over temaet «Kvifor regionalt samarbeid?». Leiar i regionrådet Ove Bernt Trellevik (ordførar i Sund) skal  ha innleiande tankar om samarbeidet i regionen. Rådmann i Sund Gerhard Inge Storebø og Fjell-rådmann Steinar Nesse skal snakka om samhandlingsreforma og andre samarbeidsprosjekt i regionen.

Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest. Tinget skal ta opp utviklingstema for regionen til drøfting. Dette er ein politisk verkstad og møteplass, og det vert ikkje føreteke avrøysting eller avgjerder i dette organet. Tinget skal ha to møte i året. Møta går på omgang i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Møtet vert halde på Panorama Konferansehotell.

publisert 07.02.2012