Nytt røykjesluttkurs med oppstart 27. januar

Med oppstart 27. januar inviterer Frisklivs- og meistringssenteret røykesluttkurs for innbyggjarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Kurset er retta mot dei som ønskjer å slutta å røykja eller snusa.

Frå røykjesluttkurset i fjor.

Frå røykjesluttkurset i fjor.

– Det er godt å sjå at det er så mange andre som meg og at eg ikkje er åleine med desse tankane, sa ein av deltakarane på røykjesluttkurset som vart halde på same tid i fjor. Kurset går over seks ettermiddag/kveldar fram til 24. mars klokka i tidsrommet 17.00 – 18.30. I løpet av dei tre første samlingane førebur du deg på å slutta å røykja eller snusa. Dei neste tre samlingane vert brukte til å oppretthalda røyk- eller snusfri kvardag og motivasjonen for å halda fram å vere røyk- eller snusfri. Kurshaldar er Bente Guntveit som mellom anna er folkehelsekoordinator i Øygarden. – Du har kanskje tidlegare prøvd å slutta å røykja. La ikkje denne sjansen går frå deg. Med fleire forsøk bak seg, har ein med seg erfaring som aukar sjansen for å klara det neste gong, seier Bente Guntveit.

Nyttige erfaringar frå kurset i fjor

Prosjektleiar i Frisklivs- og meistringssenteret, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, Anita Alvheim, seier at fleire av kommunane har meldt inn behov for dette kurset. Dette skjer gjerne via frisklivssentralane i kommunane. – Kva erfaringar gjorde de i fjor? – Stemninga i kursgruppa var god. Fleire deltakarar gav uttrykk for at det var fint å høyra at andre har like utfordringar som dei sjølv. Det varierte i kva grad deltakarane klarte å slutta å røykja, og det vart ei utfordring å få deltakarane til å fullføra kurset, seier Anita Alvheim. Ho understrekar at dei som ikkje klarer å slutta å røykja bør fullføra kurset. – Dei kan uansett setja ein ny sluttdato eller få motivasjon til å arbeid vidare med temaet, seier prosjektleiaren. Les kursplanen her.. For påmelding til kurset send epost til fms@offentleg.no Helsedirektoratet har laga sida «Slutta – din røykeslutt» på Facebook for at folk skal kunne dela sine erfaringar med røykeslutt. Frisklivs- og meistringssenteret er eit interkommunalt helsetilbod for innbyggjarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som hjelper deg til å ta grep om eiga helse og endre levevaner. Senteret skal vera kommunane sin ressurs for å støtta opp om gruppebasert opplæring av innbyggjarar med kronisk sjukdom. Etter planen skal FMS gå inn som ein del av det lokalmedisinske senteret på Straume. Inntil vidare er prosjektleiinga i FMS lokalisert i Straume terapisenter. Les meir om Frisklivs- og meistringssenteret her.

publisert 21.01.2015